barna på kjøkkenet_1024x683

På plass i "ny" barnehage

Barn og tilsette ved Midtigrenda barnehage vart kasta ut i ein kvardag med enkle forhold og provisoriske løysingar da kjellaretasjen vart oversvømt av vatn på slutten av mars i år. No, eit knapt halvår seinare, er dei alle på plass i nyrenoverte lokale.

Blide førskuleungar på nytt kjøkken i Midtigrenda barnehage.

Det var på slutten av mars i år at barnehagen vart huslaus. Da dei tilsette kom på jobb om morgonen, stod vatnet 20 cm over golvet i kjellaretasjen. Kloakksystemet var ute av funksjon, det kunne ikkje tappast reint vatn og ventilasjonsanlegget  var fulltrekt av vatn. Her var det umuleg å drive barnehage. Barna måtte sendast heim igjen, men allereie etter eit par dagar var barnehagedrifta i full gang igjen i provisoriske lokale på Syltøran og i Fritidsklubben. -Det var primitivt der vi var, men ungane har vore flinke til å tilpasse seg, seier Heidi Helgetun og Lena Ellevset ved Midtigrenda barnehage. I tillegg til dyktige ungar meiner dei også at dei har har positive foreldre å takke for at alt har gått så bra i løpet av tida "ute på bygda".

I fire månader var barnehagen i Midtigrenda heilt ute av drift. Alt måtte rivast ut. Berre murvegger og tak stod igjen da renoveringa starta. Fort må det likevel ha gått. Frå 20. juni var alle dei tre avdelingane samla i øvste etasje av barnehagebygget. Den første september kunne småbarnsavdelinga endeleg flytte ned til fullrenoverte, trivelege og funksjonelle lokale nede i kjellaren.

Det er ikkje berre etasjen som vart oversvømt, som er blitt oppussa. Øvste etasje, som også vart påverka av fukta nedanfrå, har og fått eit løft. Her har det blitt måla, lagt nytt golvbelegg og installert nytt kjøkken. Nokre nye møblar har det også blitt. Oversvømminga har altså ikkje fått berre negative konsekvensar. Etter månadene som nomadar ute på bygda tykkjer vi dette er ein velfortent bonus til barn og tilsette ved Midtigrenda barnehage.

Lena Ellevset (t.v.) og Marit Wærdahl saman med nokre av dei minste som får nyte godt av flunkande ny småbarnsavdeling i Midtigrenda barnehage.