Aust for Fjellet

På kulturvandring i Halgunsetgrenda

I går, laurdag, var det tid for å ta kulturvandringa i Halgunsetgrenda som var annonsert under Kulturvøkku, men vart utsett på grunn av dårleg ver. Det er Rindal Heimbygdlag som har ei slik kulturvandring kvar sommar på ulike stader i bygda.

 

I Halgunsetgarden.JPG

Turen starta med mange interesserte frammøtte på Halgunseten.

Fjellet

Herifrå gjekk turen oppover til Fjellet, som er den høgstliggande garden i Rindal. Her skal det vere 400 moh på murpipa. Her veit ein det har budd folk sidan midt på 1600-talet, og garden har vore på salg fleire gonger. Hallvard Møkkelgård frå Liset, far til mellom andre fotograf Henrik Fjelle, kjøpte garden av Ingebrigt Fjellet i 1912, men flytta sidan til Oddnes i Rørdalen og selde garden til Gunnar Asphaug. Garden har sidan vore i Asphaugfamilien. I dag er det både ny stuggubygning og nytt sauefjøs i Fjellet.

Joralf Halgunset.JPG

Joralf Halgunset er oppvaksen i grenda. Han var omvisar og delte sin rike lokalkunnskap med kulturvandrarane.  

Fjelltrøa
var husmannsplass under Fjellet og låg aust og ned for garden. Her starta Even Asphaug frå Bogevollen under Asphaug opp. Han og kona hadde 9 barn, men ingen av desse vart verande på plassen og husa er i dag borte.

Halgunset.JPG

Halgunsetgardane, Austistua og Utistua.

Frå Fjellet kan ein sjå ned på Halgunsetgardane, som ein vanlegvis ser opp mot himmelen frå bygda. Frå gammelt av var det fire bruk i rekketun her, Austistua, Storstøggu, Midtstøggu og Utistua. Midtstuggu vart seld på auksjon i 1914 til Ingebrigt Bakk frå Rennebu som flytta garden lenger ned i lia og ga garden namnet Bakk. Storstuggu vart og seld på auksjon og vart lagt saman med Austistua. Stugguhusa her vart oppattbygd som skulehus på Grøtan.

Frå Fjellet gjekk turen nedover Halgunsetvegen mot Lomunda. Langs denne vegen ligg det fleire hus og fritidsbustader som tidlegare var husmannsplassar. Det fleste er tekne godt vare på.

Ytre Halgunsetgjeret.JPG

Ytre Halgunsetgjeret eller Løvset

Her starta Einar Halgunset frå Utistua opp som husmann under heimgarden i 1892. Sonen Nils, gift med Beret frå Austistu Møkkelgård, tok over og kjøpte plassen til sjølveige i 1940. Nils døde tidleg og familien flytta til Austistu Møkkelgård. I dag er husa seld til fritidsbustad.

Austre Halgunsetgjeret.JPG

Austre Halgunsetgjeret

Kristoffer Møkkelgård frå Ytre Møkkelgardshaugen, gift med Brit frå Utistua, fekk bygsel på denne plassen under Utistua i 1887. Kristoffer var kjent som ein dyktig handverkar i fleire fag, han var både smed med eiga smie, børsemakar og snikkar. At han var flink i snikkarfaget vitnar det vakre inngangspartiet til huset om. Eilert Møkkelgård frå Litjøya kjøpte plassen i 1938. I dag står plassen ubebudd.

Inngangsparti Halgunsetgjeret.JPG

Inngangspartiet i Ytre Halgunsetgjeret

Øvre Grøtbakken.JPG

Øvre Grøtbakken

Her var det Fredrik Larsen frå Nedre Grøtbakken som starta opp som husmann rundt århundreskiftet. Han var både skreddar og husmann. Han kjøpte sidan Utistu Jonli. Da tok Ingebrigt Halgunset over plassen. Han åtte Midtstuggu Halgunset, men ”rauk opp” og starta som husmann her. Plassen vart seld på auksjon i 1965 og kjøpt av dotter til første eigar, Fredrik Grøtan, og er framleis feriestad i denne familien sitt eige.

Grøtan skole.JPG

Grøtan skule

Det var stugguhusa på Storstuggu Halgunset som vart kjøpt av kommunen og oppattbygd som skulehus her. Skulen vart teken i bruk i 1898. Her var det to skulerom og lærarbustad i andre høgda. Skulen vart nedlagt i 1958, da Lomundsjø skule var ferdigbygd. Noen av turdeltakarane hadde gått sine første skuleår her.

Nedre Grøtbakken.jpg
Nedre Grøtbakken. Foto: Henrik Fjelle

Nedre Grøtbakken

Husa på denne plassen stod vest for Grøtan skule, og i dag kan du berre så vidt sjå tuftene etter husa. Lars Fredriksen Storløkken bygsla her i 1889. Lars var skreddar, og han og kona Gunnhild f. Storås hadde 9 barn. Fleire av desse utvandra til Amerika. I siste årsskrift frå Rindal heimbygdlag kan du lese om delar av denne familien som utvandra.

Sonen Jon Larsen og kona Anna frå Peligjeret tok over plassen. Dei hadde 4 barn, men både Jon og Anna døde tidleg, og etter det vart plassen fråflytta.
 

Grøtan Lomunda.JPG

Her slutta kulturvandringa, men utsyn mot Grøtan og Lomunda. Takk for turen!

 

 

 

 

 

Tips en venn Skriv ut