tp logo stor_300x80

Øvre Rindal skule eller skole?

Har dette noko med skulemålsrøystinga å gjere? Svaret er ja. Med bokmål blir det og skole, det skjedde med Rindal skule/skole. Vi veit at rindalingar går på skule, ikkje på skole. Det skriv leiar Ann Grimsmo i Rindal Heimbygdlag i dette lesarbrevet - som du og finn på leserinnlegg på Trollheimsporten.

Rindal Heimbygdlag skal arbeide for å halde vedlike det verdfulle i bygdekulturen, auke kjennskapen til og vørdnaden for vår eigen kulturarv, så denne kan bli ført vidare inn i framtidssamfunnet. Her høyrer dialekt og dermed nynorsk naturleg med. Det er mykje snakk om at dialektane blir borte, dei unge skjønar ikkje ord og uttrykk som var i vanleg bruk for ein generasjon sidan. På den andre sida verkar det som om nye måtar å kommunisere på, med SMS og fjesbok (facebook), har ført til meir bruk av dialekt i skrift. Dette kan vere eit teikn på at folk er nøgde med og stolte av dialekta si. I lag med dialekt er det mest naturleg med nynorsk. Det lyd betre med kven, kva, korleis og kvifor enn hvem, hva, hvordan og hvorfor, betre med bilar enn biler. Det er nok mange som har gledd seg over boka Rindalshumor. Her er det bruka dialekt og nynorsk. Det hadde nok ikkje vore like naturleg med bokmål saman med rindalsdialekt. Den første lese og skriveopplæringa vil gå lettare di kortare avstanden til talemålet er. Spesielt viktig er nynorsk som første opplæringsmål for å gjera ungane trygge på sitt eige talemål, slik at dei forstår at det språket dei har lært heime, er fullgodt til å uttrykkje seg på når dei skal skrive noko, mykje eller lite. Viss vi utnyttar det, vil dei kanskje når dei blir vaksne våge å uttrykkje seg. Rettskrivinga festar seg etter kvart som ungane les meir. Vi må innsjå at dei vil møte mykje meir bokmål i skrift enn nynorsk. Viss vi skal oppfylle stortinget sitt mål om at alle skal lære både bokmål og nynorsk, har dei elevane som lærer nynorsk først, den fordelen at rettskrivinga festar seg tidleg. Dei som lærer bokmål først, lærer ofte nynorsk for dårleg, fordi dei les for lite tekst på nynorsk. Er du enig i noko av dette, bruk stemmeretten din og stem for nynorsk på Øvre Rindal skule 7. juni. Hugs at dette gjeld heile bygda. Det er ikkje berre foreldre til skuleelevar som har stemmerett, men alle i krinsen som står i manntalet. Godt val! Rindal Heimbygdlag ved Ann Grimsmo