tp_leserinnlegg

Overveldande respons imot lobby-baren.

Først vil eg seie tusen, tusen takk for alle positive tilbakemeldingar eg har fått i samband med mitt lesarinnlegg om lobbybar i foajeen på Surnadal Kulturhus!  Eg er heilt overvelda over all den positive respons som eg har fått frå fjern og nær, kjente og ukjente, unge og eldre. Dei har kontakta meg via telefon, SMS, Messenger og personleg møte. Eg set pris på kvar og ein!

Eg får meir og meir slege fast at det stemmer det eg sa på eit av kommunestyremøta vedrørande barsaka: «Der er ei overdreva tru på at alkoholservering er noko ALT folk vil ha, til ALLE tider ALLE stader!»
På grunn av at ingen journalistar har teke kontakt med meg etter at denne saka vart gjort offentleg og etter at eg skreiv lesarinnlegget mitt, så tek eg pennen fatt og skriv sjølv.

Eg er den einaste frå kommunestyret som til no har heva stemmen og kome med eit klårt standpunkt i det offentlege rom. Hotelldirektøren derimot, har fått god hjelp av ei lokalavis (Driva 4/5) til å fortelje at han har fått positive tilbakemeldinger for øl og vin i foajeen. Blant anna frå ei dame på 80 år som gler seg til ho får sherry til kakestykket sitt.
Eg vil påstå at eg til vanleg talar varmt for eldre sine rettigheiter, og at eg som politikar, ønskjer å legge til rette for at dei eldre skal ha eit godt liv.
Men akkurat i denne saka må vi setje barn og unge først! Barn og unge skal ha rett til å utføre  sine skule-og fritidsaktivitetar på ein alkoholfri arena.
Når det gjeld den eldre dama sine behov, så er dei godt teke vare på. Ho har fire spisestader å gå til i området  frå Amfi-senteret via Skei til Øye bru, der ho kan få sin sherry til kakestykket. - Argumentasjonen for lobbybar ser vi blir berre tynnare og tynnare!

I nemde Driva-artikkel (4/5) uttalar ordførar Lilly Gunn Nyheim noko eg undrar meg over: «Hun ønsker ikke å tenke på på hvordan kommunen skal videreføre drift av turistinformasjon, billettsalg og kaffe og vertskap for reisende med buss». (Sitat slutt).
Kva meiner ho med dette? Har kommuneleiinga verkeleg ikkje vurdert andre løysingar på saka?
Var dei verkeleg så sikre på at dette skulle gå glatt igjennom, slik at det ikkje eksisterer ei plan B?
Og er den framleis blank, så har eg og andre gode forslag til å skape ein triveleg og kul kafé, som kan vere ein god og trygg møteplass for folk i alle aldrar. - Der ingen blir ekskludert!
 


Mali Hildrun Settem.
Surnadal KrF.