DSCN0019

Oversiktleg og informativ kunstutstilling i Finstuå

Tirsdag ettermiddag vart det opna ei kunstutstilling i Surnadal Kulturhus med bilde frå Kalla Skrøvseth sin mangfoldige kunstproduksjon. Utstillinga vil stå i perioden 10.-25. mai. Nevøen til Kalla, Nils Røv, underheldt med musikkinnslag på ulike lett bærbare instument under opninga.

Bildet t.h.: Nils med munnharpa

Kallastuå
- Kalla har rett nok sitt eige galleri, Kallastuå, der kunsten blir vist fram, men vi trur at enno fleire får gleda av å sjå kunstverka ved å bruka Finstuå, seier kulturhusleiar Karstein Telstad.

Utstillinga i Finstua i Surnadal Kulturhus vil stå i perioden 10.-25. mai.

Denne gongen blir det produksjonen hennar frå 50-talet og fram til ho avslutta på 90-talet. Det blir ei blanding av oljemåleri, mosaikk og pastellar.
No er dørene til Finstuå opna og du kan ta turen innom og sjå bilda i fred og ro!


Kalla Skrøvseth vart født i Surnadal i 1913, og døydde i heimkommunen sin i 1997. Ho var elev ved fleire målar- og kunstskular i inn- og utland. Ho har ein enorm produksjon bak seg, og arbeida er spreidde over heile Norge og i andre land.


Arbeida hennar varierer frå små pastellar til gigantiske altertavler. Motiva varierer frå enkle stemningar i nærmiljøet til sentrale symbol frå Bibelen. Kalla har hatt ei rekkje utstillingar, og i 1979 fekk ho fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal.

 

Den faste utstillinga i Kallastuå har opent heile juli månad, onsdag og torsdag kl.13:00 - 17:00

 

 

Tilstades under opninga var desse tre som Kalla Skrøvseth var tante til: Nils Røv, Signe Våler, Martha Havdal og Randi Skrøvset Hatle.