7 ventar på morgonkaffien

Friluftslivets år 2015:

Overnatting i snøhule

To av våre lesere markerte starten på Friluftslivets år med overnatting i snøhule ved Solåsvatnet i Nordmarka, Surnadal. Her deler de flotte bilder og turreferat med oss.

Brage og eg markerte starten på Friluftslivets år med å overnatte i snøhole. I løpet av mine 70 år, var dette mi første overnatting i snøhole, så det var på tide! Det kom godt med at Brage hadde god erfaring med dette.

Vi starta opp med godt planlagt og fullpakka pulk og sekk på førmiddagen 13. jan. Det vart ein flott skitur i sol og stemningsfull tåke innover mot Solåsvatnet og vidare langs vatnet til "leirplassen", i nærleiken av hytta vår. Men det vart ikkje noko juks, nei! Vi oppheldt oss berre ved bålplassen og i snøhola som Brage bygde. Middagen ved bålet var Brages rakaure/-røyr med "noko godt" attåt. Seinare utover kvelden vart det kaffi frå svartkjelen. Den stjerneklåre himmelen gjorde kvelden til ei fullkome naturoppleving.

Sjølv om det var 7 minusgrader om natta, heldt vi oss varme og sov bra nok i snøhola. Vakna til måneskalk og klår himmel. Det vart bål med svartkjel og frukost, og vi følte oss rimeleg  i pakt med naturen, ja! Vi som er pensjonistar, slapp å haste til bygda. Så vi tok det med ro og naut friluftslivet i fulle drag.
"Kaffi Lars" vart hengt over bålet endå ein gong, og det vart ein betre lunsj før vi avslutta vår markering av starten på Friluftslivets år. Men vi håpar på mange fleire fine stunder ute i naturen i tida framover.

Tekst og foto: Anne Vognild Einum

1 mot Solåsvatnet_690x460.jpg

Mot Solåsvatnet.

2 over Solåsvatnet_690x460.jpg

Over Solåsvatnet.

4 bålkos_690x460.jpg

Bålkos.

5 bål under stjernenatt_690x460.jpg

Bål under stjernenatt.

6 fint å vakne i snøhule_690x460.jpg

Fint å vakne i snøhule.

8 kaffi ved soloppgang_690x460.jpg

Kaffe ved soloppgang.