Foto Jens Westbye (2)_preview

Ostoppelege Jo Sverre

Jo Sverre Sande frå Rindal gler seg til å spele konsert i Surnadal Kulturhus fredag 19. oktober, og han avslører i dag ei svært hyggeleg overrasking!

- Dette blir ein høgdare, seier Jo Sverre. - Denne konserten er ein av få som vi kjem til å gjere med fullt band i det som er att av 2018 - og det attpåtil (mesta) på heimebane! 

Bildet over: Jo Sverre Sande. Foto: Jens Westbye.

43569455_2177763105878844_3077541558770204672_n_690x920.jpg
Sigrid Vetleseter Bøe i Berlin, der ho bur no.

- Eg skal synge duett med Sigrid Vetleseter Bøe! Dette er første gong det skjer "live!" Vi kjenner jo duetten frå «Takka fer det oss ha fått.»

Sigrid hadde tidleg merka seg at Jo Sverre skulle ha konsert i Surnadal, men det var først for kort tid sidan det viste seg at ho kunne vere med.

43639000_241745413144877_7056042629175181312_n.jpg
Sigrid (Foto: Martin Hedström)

Kenneth Norum og Jo Sverre.jpg
Jo Sverre har også med seg Kenneth Norum (t.v.) til Surnadal.

Ostoppele
- Går det så bra no at du føle deg mesta «Ostoppele?» spør vi.
Beskjedent nok så dreg han på det, men innrømmer at det siste året har vore ganske fantastisk. Å ha fleire låter på NRK P1 sine spelelister er stort for ein rindaling.

solo jo s.jpg
Jo Sverre på Vinyl & kaffe i Hamar under haustturnéen

Liveturné
Jo Sverre er på ein Liveturne på Austlandet i lag med songar og låtskrivar Kenneth Norum for tida. I kveld spelar han på Grünerløkka Brygghus i Oslo, så følger Bø i Telemark, Beitostølen og Lillesand.
Etter helga står Arendal og Skien for tur før han dreg nordover igjen.

Fredag 19. oktober kl. 21.00 stiller Jo Sverre i lag med dei lokale heltane Olav Nergård, slagverk og Sondre Skogseth, bass, - og Lars Tsujimoto Frengstad, tangentar og Bendik Brevik, gitar i Surnadal Kulturhus!

Vi reknar med at setene i Surnadal Kulturhus blir fylte opp denne kvelden!

Jo Sverre med Trondheim Symfoniorkester.jpg
Jo Sverre med Trondheim Symfoniorkester

crowd kafe skuret.jpg
Kafé Skuret, Trondheim

band dokkhuset.jpg
Dokkhuset, Trondheim