Spesialtømmer Rindal kirke_690x331

Østerdalsfuru til topps i Rindal

I Rindal står framleis kjerktårnet innpakka i byggestillas og plast. Ser ein nærare etter, så ser ein at mykje er rive ned innafor. No er alt som skal rivast rive ned, og gjenoppbygginga er i gang innafor plasten som har blafra god i vindkasta i det siste. 

 

DSCN8551_690x920.jpg
Foto: Kjellaug Foseide

Frå ein oppmerksom rindaling har vi fått denne artikkelen om leitinga etter stort og godt nok tømmer til restaureringa av kjerktårnet i Rindal.

Les kva www.glommen-skog.no skriv om dette. Toppbildet er frå den artikkelen.

 

IMGP7011_690x457.jpg
Foto: OleT

Toppen på åttekanten du ser på bildet er under utskifting pga råte, og det blir fundament for spiret, den omsnudde krumkaka på toppen.
- Det er der oppe østerdalstømmeret skal brukast og stå dei neste 100 åra, seier Johan Helgetun, bygningsansvarleg i Rindal sokneråd.

 

Kirkebrann 5_690x461.jpg
Foto: Johan Helgetun

Her er stokkane som skal erstattas av stokkar frå Elverumsskogane.

 

IMGP9013_690x457.jpg
Foto: OleT

Rindalsplatået med plastinnpakke kjerke sett frå Langlia.

Trollheimsporten har hatt desse artiklane om brannen i tårnet på Rindalskjerka natt til 27.september 2015:

- står om enn tårnene faller

Kunne lett blitt storbrann

NRK på besøk

Tårnkake til brannfolka.

Om utbedringsarbeidet, 21.oktober 2015.