Picasa

Original planting

Titusener av befrukta lakserogn vart gravd ned i grusen i elvene Bølu og Jøåa/Askjellsåa i Rindal fredag. Rogna vart lagt i vibertboksar som så vart gravd ned i grusen.

IMGP7214.jpg

Grunnen til at det blir planta rogn i Surnavassdraget i år er at Rossåa settefiskanlegg har overskuddsmateriale etter strykinga i fjor haust. Det vil seie at dei har meir materiale enn til det årlege pålegget på 35 000 smolt og 60 000 en-somrig yngel.

IMGP7236.jpg
Bjørnar Aasbø, Monika Klungervik og Terje Børset

Monika Klungervik og Bjørnar Aasbø frå Rossåa settefiskanlegg var ansvarlege for plantinga, og Terje Børset frå Rindal elvalag var med som kjentmann.

- I staden for å destruere dette materialet set vi det heller ut på stader der laksen elles ikkje går opp og gyt. Dette er lokasjonar der det tidlegare har vore sett ut ein-somrig laks, og som kan vere gunstige oppvekstområde for yngel, seier Monika Klungervik.

 

Det er Statkraft, som driv Rossåa settefiskanlegg i Todalen, som skal legge ut denne befrukta lakserogna. Dette er ein metode for auking av fiskeproduksjon i vassdrag som er lite utprøvd på våre kantar.

Hovudregelen er at det blir sett ut levande yngel eller småfisk. Årsaka til all utsetting er at Statkraft har pålegg om dette som kompensasjon for kraftreguleringa dei har lov til. Det er nokså dårleg overleving for levande yngel og småfisk som er utsett. Det er grunn til å tru at overlevinga er betre når det blir lagt ut befrukta rogn som klekker etter ei tid nede i elvegrusen.

 

Bølu er elva som renn ut i Surna mellom Aune- og Børsetgardane.
Jøåa er elva som renn ut i Surna straks ovafor Sunna. Den kjem frå Grønlivatnet.
Askjellsåa er sideelv til Jøåa og passerer like ved nye skistadion veg Igltjønna.

IMGP7207.jpg
Befrukta lakserogn frå Rossåa settefiskanlegg i Todalen.

IMGP7203.jpg
Vibertboksen med litt stein skal bli fint klekke/oppvekstmiljø for egga. Det blir god gjennomstrømming av vatn, og yngelen vil etter kvart forlate boksen gjennom sprinklene.

IMGP7208.jpg

IMGP7213.jpg

Vibertboksane vert forankra med steinar. Ei plastremse skal gjere dei lett å finne att. Plassen der boksane vart usett, vart også merka med ei plastremse i eit tre.
-  Det er viktig at du ikkje fjernar desse eller skiplar boksane om du finndei, presiserer Monika Klungervik.

IMGP7218.jpg

IMGP7223.jpg

IMGP7232.jpg
Ny boks klar for utplanting!

IMGP7224.jpg