Frisklivssentralen liten logo

Surnadal skal som ein av dei fyrste kommunane i Møre og Romsdal starte opp tilbod om Frisklivssentral.

Oppstart av Frisklivssentral i Surnadal!

Surnadal Kommune var ein av 7 kommunar som hausten 2010 fekk støtte av fylket til å etablere ein frisklivssentral i kommunen. Fylket delte ut 1 million kronar, kor Surnadal fekk 125.000 kroner.

Vi opnar for tilbodet 15. august.
 

- Helsedirektoratet anbefaler etablering av frisklivssentraler i alle landets kommunar for å møte framtidas helseutfordringar som er knytt til helseadferd.( Jfr. 3.1.2 s. 10 i rettleiaren).
 

- Under folkemøtet om SiO (Samhandlingsreformen i Orkangerregionen) som var tidlegare i år var det lagt stor vekt på førebyggjande arbeid av innbyggarane i kommunen. Eit konkret tiltak som var nemnd der var frisklivssentral.


Jørn Tage Angvik, Siri Heggem Bævre, Solveig Haglund, Annett Ranes og Atle Aune.


Tilbodet i frisklivssentralen i Surnadal:
- Målgruppe er dei som ønskjer og har behov for å endre vaner innanfor området fysisk aktivitet og kosthald. Tilbod i forhold til røykjeslutt håpar vi er på plass tidlig 2012.


Typiske deltakere kan ha:
* Risiko for diabetes eller diagnostisert diabetes
* Overvekt/fedme
* Inaktive
* Psykiske problem/liding
* Hjerte-/kar
* Muskel-/skjelettlidingar
* Sjukmeldte eller personar med risiko for å bli sjukmeldt.
 

Nedre aldersgrense er 16 år.

Aktuelle deltagarar blir henvist til Frisklivssentralen med ein frisklivsresept, som fåes hos lege/fysioterapeut/ergoterapeut/NAV/psyk.sjukerpleier/bedriftshelsetjenesten m.m.
En reseptperiode varer i utgangspunktet 12 veker, men kan ved behov forlengast.
- Frisklivssentralen vil i første omgang tilby:
1) Helsesamtale både før og etter reseptperioden, for å planlegge aktuelle aktivitetar
2) Test på tredemølle før og etter reseptperiode
3) Fysisk aktivitet/trening 2 gonger pr. uke:
- Trening i grupper ute, med base på Tunet, Oppistua, Øye.
- Trening i gruppe inne med base ved Surnadal Fysioterapi
4) Kosthaldsrettleiing:
- Kosthaldsrettleiing som ein del av gruppetrening på Tunet.
- Bramat-kurs.
5) Røykesluttkurs kan bli aktuelt frå neste år.
 

Ved Frisklivssentralen får du hjelp til å finne eigen motivasjon til å endre vanar. Målet er at deltakarane skal utvikle eigenmestring og hjelpes vidare til tilbod i lokalmiljøet som de kan nytte seg av på egen hand.
 

Faktaboks 1: Frisklivstilbud inn på tunet
Surnadal kommune har etter søknad saman med ein tilbydar motteke midlar frå ”Inn på tunet løftet”, for å prøve ut tunet som base for frisklivstiltak. Tunet er i Oppistua Øye, og det er Solveig Haglund som samarbeider med frisklivssentralen i Surnadal kommune. Ho har gjennom fleire år hatt Inn på tunet tilbod til skolebarn ved Øye skule, der dei bruker garden som pedagogisk ressurs – eit utvida klasserom. Frisklivstilbudet på tunet vil være fysisk aktivitet, med turer i nærområde og enkel muskeltrening. På tunet vil det også være veiledning om helsedirektoratets kostholdsråd. Gruppetreninger er sosialt. Vi satser på å være mest mulig i friluft og ha det ”gøitt”, sier Solveig og ønsker nye brukere velkommen på tunet!
 

Faktaboks 2: BraMat-kurs
• Kurset BraMat for betre helse skal motivere, hjelpe og støtte deltakarane til å gjære positive forandringar i kosthaldet.
• Mottoet er ”små skritt- store forbetringar”.
• Kurskonseptet går over 5 kurskveldar på to timer over en periode på tre månader.
• Målgruppa er personar som ønskjer å endre kostvanar og personar som trenger å endre levevanar for å førebyggje sjukdom eller leve betre med den sjukdommen de allereie har fått.
• Kurset er utarbeid av helsedirektoratet saman med to eksterne ernæringsfysiologar.


Annett Ranes, Marit Nordvik Betten og Siri Heggem Bævre er tre glade damer! 


Deltakarar i styringsgruppa som har vore med på planlegginga av tilbodet:
Gunhild Eidsli, Kommunalsjef
Gunn Bredesen, Einingsleiar Familie og Helse
Mona Rosvold, Jordbrukssjef
Annett Ranes, Folkehelsekoordinator
Siri H Bævre, Ergoterapeut
Solveig Haglund, Inn på Tunet tilbydar
Marit Nordvik Betten, Fysioterapeut, ansattrepresentant
Eilert Mikkelsen, Politisk representant, KrF
 

For mer informasjon om hva en Frisklivssentral er for noe kan du besøke Helsedriektoratet sine sider her. Kunne andre kommuner være interesserte i dette: klikk her.