Picasa

Opplevelsesskreddar

Martha Torvik er tilsett som opplevelsesskreddar som en del av ei felles reiselivssatsing i Surnadal og Sunndal. Stillinga er knytta til det regionale markedsføringsselskapet Visit Nordmøre & Romsdal.

Kommunane Sunndal og Surnadal, Thon Hotell Vårsøg og Sunndalsøra Hotell gjekk i fjor saman om å finansiere eit utviklingsprosjekt som skal gi ny fart på utviklinga av området som eit opplevingsbasert og lønnsamt reisemål.

Ei treårig prosjektstilling som Opplevelsesskreddar er ein del av denne satsinga. Opplevelsesskreddaren skal jobbe med produkt- og reisemålsutvikling i dei to kommunane.

Martha Torvik_300x335.jpg

Martha Torvik kjem frå Surnadal og er no tilsett i denne stillinga. Martha Torvik har brei ledarerfaring og utviklingskompetanse, og ho kjem frå stillinga som organisasjonsdirektør ved Høgskolen i Sør-Trøndelag.

Ho er utdanna siviløkonom ved Handelshøyskolen i Bergen og kommunikasjonsrådgjevar frå Høgskolen i Lillehammer. Ho har brei erfaring fra mange ulike bransjar. CV-en hennar viser spennande yrkesvalg der både eventyrlyst, ledarskap, kreativitet, utvikling og idebygging har vore sentralt.

Tidleg i yrkeskarrieren var ho også kort innom lokale reiselivsbedrifter som Surnadal Hotell og Saga Trollheimen Hotell.