Picasa

Ønsker å formidle drømmen

Det nystarta firmaet iTrollheimen AS ønsker å legge tilrette for opplevelsesreiser tilknytta Trollheimen. Det blir meir bålkos enn toppturar, meir gode måltid enn sveitte og slit, skal vi tru presentasjonen i dag. Opplevinga står i sentrum.

Det er Romund Aune, Odd Inge Løfald, Gøran Bolme og Lars Helgetun som saman med Lokalt Løft står bak nyskapningen iTrollheimen AS

Trollheimen er ein av dei plassane som kom først fram av isen etter siste istida for 10 000 år sidan. Noko stakk til og med over isen heile tida. Der kan vi no finne sjeldne planter som norsk malurt, som vi elles må til Skottland eller Uralfjella for å finne, i tillegg til nokre få plassar i Norge. Tusenbeinskrepsen er ein annan spesialitet for Trollheimen.

Fjella her er av dei eldste fjella i Norge. Nunatakkene er Trollheimens mammutar, seier Gøran Bolme, som har bakgrunn frå naturforvaltarstudium i Steinkjer og på Ås, men har også vore gjetar i Trollheimen.

- Dette er det vår plikt å forvalte, seier Bolme. Det er investert over 100 millionar kroner i offentlege og private midlar og som dugnadsinnsats i ulike utadretta tiltak i Rindal i dei siste åra. Dette ser vi som ein samfunnsoppgave å la fleire få glede av, seier Odd Inge Løfald.


Lars Helgetun, Gøran Bolme og Odd Inge Løfald ved "Trollstøggu".

Lars Helgetun er grunneigar i Helgetunmarka og driv hyttebygging i lag med ein nabo. Alt i 2001 bygde Lars Helgetun utleigehytta "Trollhøtta" som har 8 sengeplassar pluss ein romsleg hems. Den passar godt for to familiar eller mindre grupper.

Helgetunmarka er det mest kjente hytteområdet i Rindal, men det er mange slike område rundt i bygda. Desse «høttrindalingane» er også ei av målgruppene til iTrollheimen. Saman med alle som besøker bygda under Kulturvøkku, Småtrollvøkku og andre slike arrangement i Rindal og dei næraste bygdene, treng dei gode tilbod for å vere lengre i bygda eller for å komme tilbake.

Gøran Bolme presenterte oppgavene til iTrollheimen som delt på to hovudområde: Naturforvaltning i form av sal av konsulenttenester og naturbasert reiseliv ved å tilby opplevingspakkar.

Namnet Trollheimen er ei merkevare med mykje spenning i seg, frå steinalder og vikingtida via sæterdrift til fot- og sykkelturisme i moderne tid. iTrollheimen vil føre kulturarven frå Trollheimen vidare og hjelpe folk til andre opplevingar enn å stå på høgste toppen.

Det er mange forteljingar som kan forteljast og opplevast rundt eit bål ved eit fjellvatn. Det har vore sagt at mange verdsproblem kunne vore løyst ved å sitte saman rundt eit bål.

Berre det å vere utilgjengeleg – «uten dekning» - på døgnvis kan vere ei utfordring. Det er ei mestring berre å vakne i ei hytte eller eit telt ved eit fjellvatn.

Lars Helgetun skyt inn at han ein vinter drog innover til ein innesnødd familie etter sterkt snøfall. Han fekk høre at dei hadde hatt ei kjempeoppleving av å sitte inne og sjå ut på snøen som fall, og ute såg dei ikkje eit einaste spor!

iTrollheimen er avhengig av lokalt engasjement. Dei ønsker å bruke ressursane  som er i bygda utan å hente ekspertar utafrå. Odd Inge Løfald understrekar at dette ikkje skal vere i konkurranse, men i samarbeid med det næringslivet og dei tiltaka som eksisterer frå før.

Hytta vi satt i – "Trollhøtta" – er eitt av tilbuda. Her kan ei gruppe komme ein fredagskveld og Stian kokk (sjå nedafor) står klar med eit smakfullt kveldsmåltid. Laurdag kan dei vere ute på tur, ta lunsj i ein gapahuk, fiske, plukke sopp, bær og andre ingrediensar som kokken kan bruke til lørdagsmiddagen. Dei kan også bruke dagen til å dra til elva, sjøen eller skimuseet.

På bedriftsmarkedet kan det vere aktuelt med samarbeid med Saga Trollheimen Hotel, Bolme Pensjonat eller Thon Hotel Vårsøg alt etter kor stor gruppa er.

Kokken iTrollheimen samarbeider med er Stian Kooyman (nedafor). Han kom til Rindal for fire år sidan frå eit hektisk og lite familievennleg liv som restaurantkokk til eit rolegare liv i Rindal.

IMGP8904_690x461.jpg (690×461)

Stian Kooyman fekk hjelp av Gøran Bolme

Kooyman serverte pressefolka et utsøkt måltid kortreist snacks som eksempel på kva han kan by på: Elgkalv, skoten under 2 km frå hytta, steikt som roastbiff, krydra med kanel, stjerneanis, kajennepeppar, fenikkelfrø og ein hemmeleg smak til, lagt på rista halv bagett med kryddersmør – med honning og samme krydderblanding. Men først smaka vi på røykalaks på heimelaga knekkebrød med pepparrotkrem. 

Gøran Bolme er dagleg ledar for iTrollheimen og har kontor i lag med Verneområdestyret for Trollheimen og Statens Naturoppsyn Rindal.

Gøran ønsker å formidle drømmen til folk og iTrollheimen er klar til å ta imot bestillingar!


Stian Kooyman, Odd Inge Løfall, Lars Helgetun og Gøran Bolme på terassen.

Oppkjørte skiløyper går like ved «Trollhøtta».


Eit kvarter frå "Trollhøtta" med pulk etter lett skiløype finn vi dette skiltet like ved gapahuken ved Langvatnet (nedafor). Om sommaren triller du barnevogna heilt fram til gapahuken!


Dekorativ boks for trimboka, og spaden kan vere kjekk å finne.


Før vi kjem inn i hytteområdet betaler vi vegavgift med kredittkort i "parkometeret" på Skavlia.