tp_leserinnlegg

Omsorgsbustader i Surnadal

Etter ein utlysingsrunde var det ingen som melde si interesse for å kjøpe omsorgsbustader i Stangvik. Bustadane var tenkt plasserte i bygningsmassen til den nedlagde Stangvik aldersheim. Dette kom på ingen måte overraskande.

Mitt syn har alltid vore at det ikkje bør byggast omsorgsbustader i Stangvika. Staden har ikkje nærbutikk. Dette er ei stor ulempe for dei som bur i omsorgsbustader. Bebuarane må nemleg til Todalen eller Nedre Surnadal for å kome til næraste daglegvarebutikk. Denne situasjonen har eg kommentert i fleire lesarinnlegg i lokalavisene for ei tid tilbake. Mitt råd har heile tida vore klokkeklart: Bygg ikkje omsorgsbustader i Stangvika. Bygg på Skei. Dette synet var også pensjonistlaget og eldrerådet sitt syn etter at kommunestyret vedtok å legge ned Stangvik aldersheim.

No blir det etter alt å døme oppført omsorgsbustader sentralt plasserte på Skei.   Kommunestyret har nemleg vedtatt å føre opp 14 omsorgsbustader i nær tilknyting til Surnadal sjukeheim. Det blir heis i bygningen og fellesareal til nokre mindre leiligheter. Dette er eit fornuftig vedtak, slik eg ser det. Plan- og byggekomite for prosjektet er oppnemnd. Komiteen er i full gang med arbeidet sitt. Ei arbeidsgruppe (ad hoc utval), nedsett av byggekomiteen, har kome med forslag til innhald og opplegg for drifta av bustadane. Framdrifta har så langt vore god. Det er no engasjert arkitekt. Denne har hatt sitt første avklarande møte med byggekomiteen. Da er det berre å håpe at prosessen vidare også blir god. Eg er optimist.

 

Johs. J. Vaag

 

 

Tips en venn Skriv ut