tp_leserinnlegg

Lesarinnlegg:

Om urfolk i Norge

Trollheimsporten hadde nettopp eit lesarinnlegg frå Dordi Skuggevik om urfolk i Norge. Det førte til eit innlegg frå Sverre Hatle. Dordi har sendt eit direkte spørsmål til Sverre. Les innlegga, spørsmål og svar nedafor!

Lesarinnlegget frå Dordi Skuggevik: Det norske folket er Norges urfolk!

Lesarinnlegget frå Sverre Hatle: Kven er urfolk?
 

Spøsmåla til Sverre Hatle frå Dordi Skuggevik ser du nedafor. Vi har lagt det fram for Sverre Hatle, og svaret hans les du lenger nede.

Spørsmål til Sverre Hatle om samene:
 
Kjære Sverre.
Synes du vi skal forholde oss til forskeres faglige resultater og opplysninger,
eller skal vi forholde oss til det som er "kjekt" -
og gjøre det politisk korrekt?
 
Hilsen Dordi S. 
 
Svar frå Sverre Hatle:
 

Kven er urfolk?

Kjære Dordi.

Sidan du stiller meg spørsmål om denne saka offentleg, ville det vel vere uhøfleg av meg å ikkje svare offentleg. Så eg får prøve:

1. Forskarar må vi sjølvsagt høre på. Oftast må vi høre på fleire. Du har merka deg forskinga til Ole Jørgen Benedictow. Det er nok mange fleire som har forska på samar og nordmenn og vår fjerne historie. Regjeringsdokumentet som eg viste til, er ikkje forsking. Det peikar på at ”urfolk” ikkje er eit eintydig definert begrep, men at det i norsk samepolitikk ikkje er snakk om kven som budde kvar for 10.000 år sidan.

2. Kva som er ”kjekt” i denne samanhengen forstår eg ikkje, bortsett frå at det er eit høveleg rimord.

3. ”Politisk korrekt” er eit uttrykk eg ikkje kan forhalde meg til. Somtid lurer eg på om det er eit skjellsord som kan brukast omtrent like upresist som ”tullprat”.

 

Eg har ikkje lese artiklane som du viser til. Eg har inga meining om samisk reindrift i Trollheimen. Det eg reagerte på var den bombastiske forkynninga av at ”Det norske folket er Norges urfolk!” I norsk og internasjonal politikk og rettspleie blir ikkje urfolk-begrepet bruka på den måten. Så må historikarar og juristar og politikarar få lov til å føre drøftingane sine – helst utan å ty til skjellsord og ord som ”løgnarar” i utide. Samiske vegskilt på Nordmøre treng vi neppe å ottast for. Vi kan heller snakke om den massive undertrykkinga av samisk namneflora like inn i det ”samiske kjerneområdet”.

Sjølvsagt er kjenslene mine prega av mi erfaring frå unge dagar som reinrasa norsk majoritetsnordmann i ei lita grend mellom Porsangerfjorden og Finnmarksvidda, der dei fleste var samisktalande, sjølv om mange hadde kvensk og norsk blod i årane. Riksgrensene her vart ikkje endelege før på 1800-talet. Kvar forfedrane deira budde for tusen år sidan, var ikkje noko tema. Men det kunne neppe vere tvil om at dei var berarar av samisk kultur på 1960-talet, enten dei dreiv med reindrift eller jordbruk eller arbeidde på militærstasjonen like ved.

Historia er full av urett, ikkje berre mellom ulike ”folkeslag” – som også er eit vanskeleg uttrykk å definere. Det er vel ingen tvil om at Kåre Willoch og Jens Stoltenberg, Jo Benkow og Bjørn Wirkola, Abid Raja og kong Harald var eller er nordmenn? Samar og nordmenn flest er nok glade over at eventuelle konflikter kan behandlast med folkevett og folkeskikk, at det ikkje handlar om separatisme eller grensereguleringar, og at vi ikkje er i bås med kurdarane i Midt-Austen eller rohingaane i Myanmar. Heller ikkje amerikanske urfolk kan be etterkommarar av norske husmenn å dra heim att ”dit dei kom ifrå”, men forsonast og finne minnelege løysingar for eventuelle samlivsproblem.

 

Surnadal 23.januar 2018
Sverre Hatle