- Onsdag 23.05 Åpen leikeplass
- Torsdag 24.05 Barnegolf Surnadal Golfpark
- Torsdag 24.05 Torsdagsgolf Surnadal golfpark
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Opning med Gullvåg
- Torsdag 24.05 Fotball: Rindal FK J14
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Teater NonStop
- Fredag 25.05 Vårsøghelga: Magnhild
- Fredag 25.05 Vårøghelga: Opptog
- Fredag 25.05 "Tor med hammeren"
- Fredag 25.05 Kleivakvelden
Om terror og fortolking
Ein liten kommentar til enkelte avisinnlegg av Eivind Hasle
Til dette kan seiast :
a) Det var DSTs innlegg i lokale og regionale media 25/7 som utløyste reaksjonane både lokalt og regionalt (jf m.a. Adresseavisen). DST er ein god og spennande og vidtfemnande skribent, men synspunkta og personkarakteristikkane hennar er av og til såpass utrulege og krenkande at ho (og hennar vener) ikkje kan vere overraska over at dei utløyser reaksjonar. Slik sett oppfatta folk flest innlegget hennar av 25/7 om terroråtaka på regjeringa og på ungdomsleiren på Utøya som svært sårande og malplassert. Desse åtaka vart av dei fleste – nasjonalt og internasjonalt - ikkje oppfatta som eit (forståeleg og legitimt?) angrep på Arbeiderpartiet, men som eit eineståande vondsinna og brutalt angrep på det norske samfunnet og styringssystemet.
b) Samtidig kan det og seiast at synspunkta til DST var svært langt frå det samfunnssynet og verdigrunnlaget Hans Hyldbakk sto for. I kva grad det skal vektleggast i tildelinga av ein pris finansiert av Hyldbakk-pengar, kan det sjølvsagt vere ulikt syn på. Dei fleste vil sikkert likevel vere nokså romsleg her. Men det vil i alle fall vere svært uheldig om Kleivaprisen skal bli svekka som ein attraktiv heiderspris i lokalsamfunnet fordi prisvinnaren blir oppfatta som alt for kontroversiell – på ein negativ måte. At det finst ”objektive” kriteriar for ein slik pris til ein person, trur eg det vil vere vanskeleg å finne dekning for.
Eivind Hasle






























