Om Finn-Torkild på museet

I etterkant av årets kjempesuksess med Lady Arbuthnott i Sunndal er historia om «Finn-Torkild» tema på museet i Bøfjorden søndag. Reinsamen og predikanten Torkild Jonassen Rutfjeld (1838-1921) er tillagt ei fargerik rolle i Lady-musikalen. Men kven var han eigentleg?

Egil Snekvik, pensjonert høgskulelærar og lokalhistorikar, har studert historia om Torkild. Søndag presenterer han sin kunnskap i tekst og foto. Ein godbit også for alle som elskar musikalen om Lady Arbuthnott!

Finn-Torkild – med etternamn frå fjellet Ruten mellom Hemne og Rindalen – levde saman med kona Sigrid og tre barn i fjella rundt Trollheimen. Ved seterbesøk og elles heldt han alltid andakt, og den vakre songstemmen - til tonar frå eit medbrakt lite orgel – gav veldig inntrykk på alle han møtte. Hans eigen «Fjellsang» blir da også å høre på museet.

Om FinnT a1 Thorkel og Sigrid Hemne Bygdemuseum orig_690x1112.jpg

Torkild Jonassen og kona Sigrid. (Foto: Hemne Bygdemuseum)

Om FinnT b1 Egil Snekvik.jpg

Egil Snekvik har studert historia om Finn-Torkild. (Foto: Bernt G. Bøe)

Om FinnT c Thorkel-orgelet Hemne Bygdemuseum_690x464.jpg

Orgelet som predikant Torkild spela på. (Foto: Hemne Bygdemuseum)

Om FinnT d FinnTorkild 2015 Harald Brusethaug i rolla Foto NN_690x555.jpg

Harald Brusethaug som Torkild under årets Lady-oppsetting  i Sunndal Kulturhus. (Frå nettside)

 

2015 06 28 Plakat MUSEET_690x989.jpg