Picasa

Gudsteneste i Øvre Rindal kapell

Om den døvstumme

Gudstenesta i Rindal vart denne søndagen flytta til kapellet grunna brannen i hovudkirka. Nedafor kan du lese preika og sjå bilde frå den med dåpsfamilien og litt til. 


Mange hadde funne vegen til kapellet i dag både for barnedåp og for å markere at vi har ei kyrkje i bygda sjølv om hovudkyrkja er ute av drift ei tid.

Øvre Rindal kapell søndag 28.09.14. Preiketekst: Mark 7,31-37

Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet. Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han.

Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans. Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!» Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint.

Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.»
 

Så mykje forventning det må vera rundt Jesus??! Me veit ikkje kven dei er, desse som opptrer i lag med Jesus her. Men Markus fortel at desse “dei” fører til Jesus ein mann som er døv og har taleproblem FORAT han skal leggja hendene sine på han.

Kva Jesu hender skal vera godt for, veit dei vel berre slik noko lunde. Men det blir ei råd, det blir helbredelse, det blir så både øyre og tunge fungerer som dei skal.

Eg har vanskeleg for å setja meg inn i korleis det er å vera døvstum – eller som det helst skal heite: Talespråklaus døv. Men det anar meg at det sosiale livet blir ganske begrensa. Når ein korkje kan høyre eller meddele seg, må det bli ganske så einsamt – for ikkje å snakke om sårbart, utlevert og vergelaust. Diverre er det for mange døvstumme eller talespråklause døve som har fått kjenne den verste konsekvens av at einkvan har lagt hendene sine på desse sårbare, utleverte og vergelause.

Når Jesus blir bedt om å leggja hendene på denne karen, er det i den beste hensikt. Og det beste skjer. Å seia at det som skjer er magisk, er neppe teologisk haldbart og akseptert, men lell: Her skjer det under med sputt og fingrar, med sukk og med eit så sterkt ord at det blir gjengitt på orginalspråket med omsetjinga i tillegg: Effata! – det tyder Lat deg opp!

Dei som kjem til og høyrer kva som har skjedd, er snare til å definere alt med ord: Alt han har gjort er godt! Han får døve til å høyra og stumme til å tala.

Alt han har gjort er godt! Det var litt av eit skussmål. Etter kva eg kjenner til, er det berre ein som har fått tilsvarande før i historia – rettare sagt då historia starta med skaparord og konklusjonen så tydeleg som noko, jfr. siste verset i 1.Mosebok 1: Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt! Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Jesus er god og han vil godt. Gud er god og han vil godt. Kva er så problemet? Kvifor har me slik vegring mot å høyre og ta til oss gudsordet? For ikkje å snakke om vegringa mot å prata om og vitne om alt dette gode som Jesus meddeler oss? Kan det vera at me ikkje har høyrt – enn seie: At me ikkje har høyrt etter? Kan det vera at me tenkjer så smått om Jesus at me vil meine han ikkje er noko særleg å prate om?

Herre, lat opp mine lepper så min munn kan lovprisa deg, skriv David i sin 51. salme. Han ser og innser at dette treng han hjelp til. Dermed kan det gjerne vera så einkvan annan av oss òg kan be same bøna. Ber me om hjelp til å lovprise Herren, vil eg tru me må kunne få det. Ber me om hjelp til å fungere slik at det blir frukt av lepper som prisar Herrens navn, vil eg tru det blir råd med det òg.

Me får ta med oss underet og Jesu Effata! vidare i det som kjem av helg og kvardag og be om å bli løyst frå alt som måtte binde oss fast i oss sjølve av frykt og redsel, skam og konvensjonar.

Effata! Lat deg opp mot framtida som ligg føre deg og fellesskapet med Han som berre vil vèl.

Det kan neppe skildrast betre enn Olav H. Hauge gjer det i eit av sine finaste dikt:

 

Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje -

at tidi skal opna seg

at hjarta skal opna seg

at dører skal opna seg

at berget skal opna seg

at kjeldor skal springa -

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um.



Dåpsbarnet Astrid Halgunset med foreldre og faddere. Ho vart døypt i ein 100 år gammal dåpskjole i døypefonten som tippoldefaren har laga!

Kantor Daniel Bjørlo fekk støtte på føyte av Hilde Staveli Solli.


Konfimantane deltek ofte i gudstenestene med ulike oppdrag. I dag var det Mia, Guri og Marina sin tur. Her tenner dei storlyset i lysgloben.

NRK var tilstades og gjorde opptak til eit programinnslag som vi kjem tilbake til seinare.