Søndag
Søndag Skyet
-4°
Skyet
Flau vind
Mandag
Mandag Delvis skyet
-4°
Delvis skyet
Flau vind
Helsetunet vinter

Om å bli teken imot

Eldresenteret 011219. Mt. 21,1-11

Da de nærmet seg Jerusalem og kom til Betfage ved Oljeberget, sendte Jesus to disipler av sted 2 og sa til dem: «Gå inn i landsbyen som ligger foran dere! Der skal dere straks finne et esel som står bundet og har en fole hos seg. Løs dem og lei dem hit til meg! 3 Og om noen kommer med spørsmål, skal dere svare: ‘Herren har bruk for dem.’ Da skal han straks sende dem med dere.» 4 Dette skjedde for at det ordet skulle oppfylles som er talt gjennom profeten:
 Si til datter Sion:
    Se, din konge kommer til deg,
    ydmyk er han og rir på et esel
    og på trekkdyrets fole.

6 Disiplene gikk av sted og gjorde som Jesus hadde sagt, 7 og hentet eselet og folen. Så la de kappene sine på dem, og han satte seg opp. 8 Mange i folkemengden bredte kappene sine ut over veien, andre skar greiner av trærne og strødde på veien. 9 Og mengden som gikk foran, og de som fulgte etter, ropte:
           Hosianna, Davids sønn!
           Velsignet er han som kommer i Herrens navn!
           Hosianna i det høyeste!

10 Da han dro inn i Jerusalem, ble det uro i hele byen, og de spurte: «Hvem er dette?» 11 Og mengden svarte: «Det er profeten Jesus fra Nasaret i Galilea.»

Litt merkeleg er det, å skulle høyre ein tekst som me forbind med påske – nærare bestemt Palmesundag no, midtvinters og like oppunder jul. For det er jo slik for oss som lever litt framoverlent: Når det er fyrste sundag i advent så er det ikkje fyrste sundag i advent – men snart jul.

Men har me sett kva me mister når me let handelsstand og alle andre slags stender definere kva som betyr noko – kva som skal bety noko? Tek me jula på forskudd blir me for det fyrste lei av jula før den er over. Og for det andre så mister me den store verdien ei advents- og forberedelsestid er for oss. Så lat oss ta adventstida tilbake og gjera den til vår!

Er me dermed innstilt på rette frekvensen? No handlar det om Han som kjem, om ankomst. Han kjem som baby i ein stall julenatt. Og som innleiing til adventstida, kjem han på eit esel.

Det er ikkje særleg til framtoning, noko av delane. Det er ikkje mykje pomp og prakt. Det er mesta ikkje noko –

Han som var kongen vår under oljekrisa i 1974, gjorde det langt på veg på same viset. Av alle turar alle folk har teke med trikken, er det ein einaste alle veit at me har høyrt om: Då Kong Olav den femte tok trikken for å gå på ski i Nordmarka i 1974. Det var bokstaveleg talt eit kroneksempel på at det er likt for alle. Kong Olav nekta seg sjølv privilegiar folk flest ikkje fekk.

Og han vart så visst ikkje MINDRE folkekjær etter denne trikketuren!

Jesus sit heller ikkje tilbakelent i nokon svær doning når han kjem inn i Jerusalem. Han veit kva han kjem for – for å bokstaveleg talt vera påskelammet som skal døy for folk sine synder.

Det er mange som veit kven Jesus er. Dei veit at han er verd å hylle og juble for. For det som har skjedd der Jesus fòr – det vart lagt merke til: Blinde såg. Døve høyrde. Dama med blødningar vart frisk. Lasarus vart vekt opp att ifrå døden. Fem tusen forutan kvinner og barn fekk mat av to fiskar og fem brød. Det er klart det blir folkesnakk av slikt!

Men Jesus kjem ikkje for å bli hylla. Han kjem audmjukt nok ridande på eit esel, ein eselfole. Det er ikkje noko slott han skal til. Og kva med kongekrona … den krona han fekk skulle bli fletta av materialar som skapte sår både hjå dei som fletta den og hjå han som bar henne. Sanneleg, når Jesus kjem ridande inn i Jerusalem på eselfolen, er det ikkje anna enn eit merkeleg opptog. Her kjem annerledes-kongen. Kongen som er så stikk i strid med alt kongeleg!

Jesus kjem ikkje med medaljer og livgarde i dag heller. Det kan hende det er difor det er så vanskeleg å få auge på han?! Og særleg ikkje i adventstida, når me har så mykje anna å sjå på som blinkar og trigger lysta til å kjøpe seg kos og hygge.

Men heldigvis er ikkje Jesus avhengig av at me får auge på han eller spora etter han. Han kjem likevel, gjer han. Jesus kjem – og det sluttar han ikkje med heller. Og han kjem så visst ikkje i det som er fasjonabelt og spektakulært.

Kvar skal me leite hen om det er Jesus me skal finne? Me treng ikkje leite over vårt eige nivå – heller under. Han sa noko om at han er i det som er brutt ned, i støvet. Han vart født av fattigfolk og fekk ikkje eingong ei seng. Og det er vel der han har halde seg for det meste sidan også. Han som kom i audmjukheit for å setja mot i dei motlause, han gjer det fortsatt. Han som kom på ein eselrygg for å oppfylle orda frå Skrifta, han gjer det fortsatt.

Han som fekk tornekrona for å forsone menneske med Gud, han gjer det fortsatt.

Så kan me, i dette som er vår adventstid i 2019, ta imot Herren når han kjem. Me kan gjera det om att og om att, fleire gonger dagleg om så er. Og me blir faktisk aldri ferdige med det, heller. Like lite som Jesus blir ferdig med å ta imot oss.

Tips en venn Skriv ut