Ole Paus foto Nina Djærff

Ole Paus til Vårsøghelga

Vårsøghelga 2017 går av stabelen 26. - 28. mai. Laget Vårsøg lettar litt på sløret for helgas program, og kan mellom anna avsløre at den folkekjære visesongaren Ole Paus kjem til Kleivakvelden lørdag 27. mai.

Ny strategi

Dagleg leiar i Laget Vårsøg, Gerd Ingrid Kvendset, fortel i ei pressemelding at det under evalueringa av Vårsøghelga 2016 vart klart at laget vil skalere ned festivalen frå fire til tre dagar. Formålet er å legge meir luft mellom arrangementa og legge til rette for fleire mulegheiter til møtepunkt for festivaldeltakarane med den nye strategien.

- Vårsøghelga skal vere gode opplevingar ikkje berre kunstnarisk, men òg sosialt. Tor Rune Halset ved Vårsøg Hotell er med på den tanken og vil legge opp til eigen vårsøgmeny og gode matopplevingar under Vårsøghelga, seier Kvendset.

 

Nokre programdrypp

  • Gjesteartist på Kleiva blir den folkekjære og allsidige Ole Paus samt den iranske songarinna Marjan Vahdat. Henning Sommerro og John Pål Inderberg er kjente Kleivafjes, medan diktmønstring, prisutdelingar og hornmusikk sjølvsagt høyrer til.
  • Pubkveld med balalajkaorkester og russiskinspirerte forfriskningar.
  • Boksøg med Kjartan Fløgstad.
  • Konsert i Stangvik kyrkje med det prisløna koret Cantus og Juniorsolistane, rekrutteringsorkesteret til Trondheimssolistene.
  • Eksklusiv intimkonsert på Gulla Gård. Brage Christian Einum og Else Bøe på flygel, Marianne B. Lie på cello
  • Konsert: Lengting, liv og song i Storstuå, Surnadal kulturhus. Ein konsert full av eviggrøne norske songar, viser og instrumentalstykke, med songaren Tone Elisabeth Braaten, munnspelaren og komponisten Sigmund Groven, songaren og gitaristen Lars Klevstrand og pianisten Ivar Anton Waagaard.
  • Familiarrangement på gardstunet til Bernt Ole Moen i Øvre Surnadal for å markere Surnadal Sparebank sitt 175-årsjubileum
  • ...og mykje, mykje meir!

 

Billettsalget starter 1. april.

 

Pressefoto Ole Paus: Nina Djærff