OleGunnarSolskjaer-web_01_350x275

Ole Gunnar og MFK til Surnadal

Tirsdag 31.mai kjem Molde FK og trenar Ole Gunnar Solskjær til Surnadal. MFK - som feirar 100 år i år - vil vere ein open klubb for alle klubbar i regionen, og vil også i år følgje opp med lokal turné med fotballaktivitetar for born og ungdom samt trenarseminar. I år kjem MFK også til å ha treningar på dei lokale plasseringane.

Klikk vidare på denne saka for påmeldingsinfo og program.

MFK sin distriktsturne vart gjennomført for første gong i 2009, og i løpet av det året reiste A-lag og støtteapparat ut til ti forskjellige klubbar i distriktet. Her arrangerte dei fotballaktivitet for borna i vertsklubbane.

I løpet av besøka i år vil rundt 1000 born vere med på MFK sin fotballaktivitet med MFK-spelarane som instruktørar.

Tirsdag 31. mai kjem MFK til Surnadal og Syltøran.

Programmet for dagen ser slik ut:

Kl. 12: MFK gjennomfører eI trening som er open for publikum.
Kl. 14: MFK tek lunch og pause.
Kl. 15: Fotballskule med MFK A-lag for born i alderen 6-16 år.
Kl. 17:  Trenarseminar med Aker Akademiet for trenarar og lagleiarar og andre klubbmedlemmer.

Påmelding:

Fotballskule     
Kvar klubb melder inn antall og alder innan fredag 27. mai til fotball@surnadalil.no 
Surnadal sine lagleiarar melder inn antal frå kvar årgang til dagleg leiar Nina Monsøy i Surnadal IL Fotball, e-post fotball@surnadalil.no tlf 99 72 18 46.
 

Førstemann til mølla – taket er på 200 spelarar. Fottballskulen er gratis.

Trenarseminar    
Påmelding til fotball@surnadalil.no innan fredag 27.mai 
MFK ønskjer tilbakemelding om kva for tema deltakarane ønskjer å få belyst. 
Meld inn spørsmål

Bildet er frå MFK sin fotballskule på Syltøran i fjor.