Onsdag
Onsdag Regn
Regn
Lett bris
Torsdag
Torsdag Skyet
Skyet
Lett bris
Picasa

Kulturminnedagen 2013

Ola-Maret Surndala

Kulturminnedagen 2013 hadde "Historiens kvinner og menn" som tema, og det lokale arrangementet på Åsen Bygdemuseum i Surnadal måtte da få namnet "Ola-Maret Surndala". Sitatet er henta frå Hans Hyldbakk sitt dikt Kultursjå som vart utgjeve i diktsamlinga Heimbygdvers.

 

Klart for innrykk i Fjøset på Åsen

 


Hyldbakk brukte dette uttrykket om den gjengse Surndaling, og arrangementet på Åsen den 15. september hadde fokus på historias karar og kvinnfolk frå Surnadal.

I løpet av det 3 timar lange arrangementet fekk publikum servert lokahistoriske godbitar frå vår mangfaldige lokalhistorie.

I anledning dagen hadde ein fått laga såkalla roll-ups som viser noko av Surnadals historie - gjennom arkelogiske funn, skriftlege og muntlege kjelder. Desse er tenkt til å kunne brukas i andre samanhengar i ein meir utfyllande utgåve.

Eit utval av foto vart også synt fram i ei eiga utstilling, Her kunne ein mellom anna få sjå eit utval av foto samla inn av Todalen Historielag.

Med fokus på busetting og aktivitet i vårt område gjennom tidene fekk vi djupdykk i enkelttema og samtidig sett dette i eit større perspektiv.

 

Lokalhistorikar Bernt Bøe opna sin del av programmet med den noko brutale historia om "Mannbjønnen " som herja i området rundt Bøfjorden i åra 1775-1776 og fortsatte med historia om Husfrøya Gyrid og garden Drifasætre i Bøardfirdi som dukkar opp i eit dokument frå 1303.

 

Janne Carina Strand, prosjektleiar for Kulturminneregistreringsprosjektet i Surnadal Kommune, fortalte om arkeologiske funn i vårt område, og elles om kva kjeldemateriale som er tilgjengeleg for oss - og kva det kan fortelje oss.

Mange spanande funn vart presentert, slik som Gullskatten på Kvendset og kulturminnet Likstol-bekken, der historia fortel at det skal ha vore ein avrettingsplass i middelalderen.

 

Triveleg kaffestund i Stuå 

 

Etter ein kaffepause med tid til både prat og museumsvandring var dei 30 frammøtte klare for siste avdeling.

 

Norunn Holten fortel om Gisle Surson sagaen

 

 

Norunn Holten, tilsett ved Bygdebokprosjektet i Surnadal Kommune, gav oss mellom anna eit dykk i Gisle Sursons saga, som startar i Surnadal.

Dei mange interesserte frammøtte kunne lære mykje om både sagaen og på kva måte den er knytt til oss og våre forfredre og -mødre.

 

Surnadal Kommune var initiativtakar til arrangementet, og det har vore gjennomført som eit samarbeid mellom kommunen, museet og frivillige.