Kappellet åpning 1911 a_700x432

Øvre Rindal kapell 100 år

I dag feirer Øvre Rindal kapell 100-årsjubileum med jubileumsgusteneste og påfølgjande jubileumsmiddag med mange inviterte gjester. Ved innviinga av kapellet, 29. juni 1911, var det og festivitas med mange prominente gjester til stades. Les litt om historia til Øvre Rindal kapell og sjå bilda frå innviinga.

Øvre Rindal kapell 100 år

 

Fram til 1911 hadde Rindal ei kyrkje. Frå Skogen og Lomundalen var kyrkjevegen lang. Dei som hadde lengst veg når dei skulle til gudsteneste og ”gå for presten”, måtte opp i 5-tida om morgonen og gå både til Rindals og heim att. Verst var det ved gravferder vinters dag. Det hende at dei ikkje kom fram med kista, som måtte fraktast med hest og slede, og at gravfølget måtte overnatte undervegs.
 
Derfor kom tanken opp om å byggje eit kapell, og 22. mai i 1909 vart det gjeve kongeleg resolusjon for eit kapell med 210 sitjeplassar etter teikning av byggmeister Lars Anderson Mogstad på grunnlag av arkitekt Major Becker sine teikningar av Stensgård kapell.
 
Kapellet kom seg på kr 14.000. For å finansiere dette vart det bevilga eit lån på kr 2000 frå Opplysningsvesenets fond, kr 500 gave frå Elsters legat, kr. 500 frå Rindal Sparebank og resten var gåver frå bygdefolket.
 
Jon Høgholt var byggmeisterJon Høgholt, f. 1846 (tok seinare namnet Tiset) tok på seg å vere ansvarleg byggmeister og vart av den grunn ofte seinare omtala som ”kjerkbøggar’n”  (bilde til venstre)Jon J. Haugen har måla altartavla
Altertavla, som vart måla av Jon J, Haugen frå frå Midtstuggu Haugen (far til Ingulv Haugen som óg var målar) er ein reproduksjon som framstiller Jesus i Getsemane. Jon Haugen heldt til i Austigard Gåsvatn medan altartavla vart måla. Det er fortalt at har opna alle dørene og gjekk heilt i enden av låna for å sjå korleis verket tok seg ut på avstand.
 
 
Døpefonten vart laga av John J. Halgunset. Det var mykje nytt utstyr som måtte til; Kyrkjesølv, døpefat, lysekrone, lysestakar til alteret, vinkanne, oblatfat, kalk og disk. Både foreningar  og private bidrog med naudsynt utstyr og inventar. Ein stor pengegave på heile kr. 1143 kom heilt frå Amerika, frå utvandra Pauline og Lars P. Hermundsli i N. Dakota. Desse pengane kom godt med.
 
Glasmåleriet i korvindauget vart innkjøpt frå Tyskland
 
Kapellet fekk to kyrkjeklokker. Den minste vart laga i Trondheim, medan den største vart støypt i Tyskland.
 
Den første alterduken vart sydd av prostinne Marie Ulstad i 1911 til innviinga.
 
 
  
Innviing
Det meste var på plass da Øvre Rindal kapell vart innvia av biskop i Nidaros, Peder Wilhelm Kreydal Bøckman 29. juli 1911, med mange prominente personar på plass.
Kommunestyret bevilga kr 300 til å anlegge kyrkjegard. For desse pengane fekk ein også laga både port og steingjerde kring kyrkjegarden.  Kyrkjegarden vart innvia 17. oktober i 1912.
  
  
Dette bildet vart teke etter innviinga av Øvre Rindal kapell 29. juli 1911. Det er vanskeleg å identifisere alle på eit hundre år gammalt bilde, men noen kjenner vi. Vi veit at biskop Bøchmann var til stades, og vi trur det er han som står i midten fremst med stokk og open frakk. Biskop Peder Wilhelm Kreydal Bøckman var gift med Beata  f. Jervel. Truleg er det bispinna som sit til venstre framfor biskopen. Sokneprest Johan Jonsen er nummer 3 frå høgre i 2. rekke (ser opp), medan prestefrua Helene Johnsen sit til venstre for ei dame med kvitt sjal i første rekke. Ståande som nr 4 frå venstre er kommunelege Henrik August Dørge (med stokk) og fru Cessy Dørge er kvinna med lys kåpe i første rad. Det er og truleg at prosten var til stades og prostinna Marie Ulstad som sydde alterduken, men kven dei i så fall er, veit ein ikkje.
 
Bakom står bygdas eigne menn, frå venstre: Nr 1: Ola Holte, Austigard, nr 5: Ola Foseide, Brubakken, nr 6: Ola Flåtten (?), nr 10: Jon Hermundsli, Negard og nr 11: ordførar Jon Langli
 
2. rekkje frå venstre: Nr 2: Lærar Eilert Moe (?), nr 3: Peder Tiset, Tisetgjeret, nr 4: Kommunelege Dørge, Nr 6: biskop Bøckman, nr 10: Sokneprest Johnsen, nr 11: Cessy Dørge , nr 13: Ane Langli og nr 15: Marit Børset, Austigard
 
Resten av selskapet er ukjente. Veit du namnet på fleire, eller har rettingar på det som står her, kontakt gjerne redaktor@trollheimsporten.no
 
Første dåpsbarnet i kapellet etter vigslinga i 1911 var Marie Storholt frå Steinan.
Det første brudeparet som vart vigde i det nye kapellet var Jon Møkkelgård, Nestua og Marie Eide.
                                                                                                                                                                         Anne S.