Lørdag
Lørdag Skyet
Skyet
Flau vind
Søndag
Søndag Delvis skyet
Delvis skyet
Liten kuling
MDG_lokallag_Surnadal

MDG Surnadal melder:

Nytt styre

Måndag 11. Februar blei det avholdt årsmøte i MDG Surnadal. Det blei vald nytt styre for 2019. 

Leiar: Erik L. Moen
Sekretær: Lisa Forslund
Kasserar: Trygve Roaldset
Styremedlem: Eli Vullum Kvande
Styremedlem: Ingrid Øyen Sponås

Frå årsmeldinga for 2018 vil vi referere til nokre av vedtaka som har vorte gjort i kommunestyret eller utvalg etter forslag og signal fra MDG. 

• Helsehuset skal byggjast så miljøvennleg og energieffektivt som mogleg. I tillegg må det tilretteleggast for dagens og framtidas velferdsteknologi. 
• For nye Øye skule skal det leggjast vekt på å finne innovative, energi- og miljøvenlege byggtekniske løysingar innafor den vedtekne ramma. Administrasjonen blir oppmoda om å søkje klimasatsmidlar og kompetansepakke innafor Massivtre hos fylkesmannen. 
• Surnadal Kommune skal føre klimarekneskap frå 2019.
• Surnadal Kommune skal fornye sine avtalar med Retura og starte med større grad av kjeldesortering i eiga drift. 

Vi har i år også, vore tru mot jordvernet i alle saker der det er vesentleg, det er vi stolte av! 

 

MDG Surnadal er medlem av Trollheimporten.

Tips en venn Skriv ut