Nytt rekordår for "Jul på Nordmøre"?

"Jul på Nordmøre" kjem ut for 81. gong i år. Julehefte-tradisjonen heldt stand, på tross av digitaliseringa i samfunnet. "Jul på Nordmøre" hadde eit rekordhøgt sal i fjor, og det er ingen grunn til at det ikkje skal bli enda betre i år. Årets hefte er klart, og her finn vi ei fin blandinga av lokalhistorie, alvor, skjemt og humor.

Jul på Nordmøre 2016.jpg

Både godt kjente og nye skribentar er med i heftet dette året. Vi finn bidrag blant anna frå Reidunn Halle, Eivind Hasle, Liv Løften Bureid, Henrik Aaasbø, Ole Magne Ansnes, Råg Ranes, Styrkår Brørs, Ruben Lysø og Johs. J. Vaag.

Det er mykje lokal historie samla her, men og mykje humor og fine illustrasjonar.

IMG_7396.jpg
Om Ranessetra

IMG_7395.jpg
Dialektstoff frå Tor Erik Jenstad

Lars Steinar Ansnes er leiar i skriftstyret. Han har skrive minneord om Eistein Bæverfjord, som gjekk bort sist sommar. Eistein Bæverfjord var leiar i skriftstyret i fleire år, og han la ned mykje arbeid og stort engasjement i utforminga av "Jul på Nordmøre". Han klarte å fornye heftet og skape interesse for det blant nye lesarar.

Det er Nordmøre og Romsdal Ungdomslag som er utgjevar av heftet.