Oddvar Vaege

Nytt prosesjonskors i Ranes kyrkje

Søndag 10. mai vart det nye prosesjonskorset teke i bruk i Ranes kyrkje, da  konfirmantane toga inn i den sprengfylte kyrkja med over 400 gudstenestedeltakarar. 

To gonger vart kyrkja fylt denne dagen, meir enn 800 menneske følgde dei 35 konfirmantane gjennom konfirmasjonshandlingane. Inngangsprosesjon høyrer med på ein slik dag. (Foto: Oddvar Væge).

Prosesjonar har dei seinare åra vorte meir og meir vanleg som ein del av gudstenesta, og alltid når det er dåp. Både Raneskyrkja og Øyakyrkja har til no sakna eit kors til å markere prosesjonen, men no har soknerådet bestilt kors til begge kyrkjene.

Det er kunstnaren Ole Mauseth som har teke på seg oppdraget. Han er sjølv opphavleg ranessokning, og er vel kjent for ei rad store og små kunstverk ved offentlege  bygg og plassar i Surnadal. Ole leverte korset til Ranes ”rykande ferskt” frå verkstaden kvelden føre konfirmasjonen. Øye vil få sitt seinare.

Prosesjonskors i Ranes kyrkje_690x920.jpg

Øvste delen av mekestonga  er utforma som eit krusifiks. Både korset og Kristus-figuren er støypt i bronse. Prosesjonskorset er ein del av det faste inventaret i kyrkja og har til vanleg plassen sin til sides for ”kordøra” fremst i kyrkjeskipet. Fargane er avstemt etter dei andre interiørfargane. Sokneråd og kyrkjelyd takkar Ole Mauseth for vel utført oppdrag.

Sverre Hatle