Kyrkjeblad logo_690x336

Nytt Kyrkjeblad

Kyrkjelydane i Rindal og Surnadal gir saman med dei andre kyrkjelydane på indre Nordmøre ut Kyrkjeblad for indre Nordmøre. Alle husstandane får det i postkassane sine denne veka. For deg som bur utanom distribusjonsområdet - eller ikkje finn att bladet - ligg dette og tidlegare utgåver nedlastbart på nettsida til kirka i Rindal og Surnadal!

Kjenner du nokon som bur utanfor distribusjonsområdet, innanlands eller utanlands, så kan desse også få tilsendt bladet i posten. Send epost til kyrkjeblad@gmail.com.

Kontingenten er frivillig for alle, men bladet er avhengig av denne, sidan det er einaste inntekta utanom nokre takkoffer! (gironr.4050.40.46232)

I dette nummeret er det på baksida ein artikkel der Rannveig og Torbjørn Brøske fortel om julefeiringa dei opplevde medan dei jobba i Sjømannskyrkja.

Vi finn også bilde av denne nystarta trioen (t.h)!

 

For å finne sida der du kan laste ned Kyrkjeblad for indre Nordmøreklikkar du her!

Vi minner om at du kan finne alt kyrkjestoff på Trollheimsporten i eiga mappe.

For Rindal finn du det slik: Om Rindal > Kulturliv > Kirka - Rindal sokn > Kirkenytt,   eller klikk her!

For Surnadal finn du det slik: Om Rindal > Kultur og fritid > Kyrkja i Surnadal > Kyrkjenytt,   eller klikk her!