- Onsdag 23.05 Åpen leikeplass
- Torsdag 24.05 Barnegolf Surnadal Golfpark
- Torsdag 24.05 Torsdagsgolf Surnadal golfpark
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Opning med Gullvåg
- Torsdag 24.05 Fotball: Rindal FK J14
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Teater NonStop
- Fredag 25.05 Vårsøghelga: Magnhild
- Fredag 25.05 Vårøghelga: Opptog
- Fredag 25.05 "Tor med hammeren"
- Fredag 25.05 Kleivakvelden
2012-02-13
Surnadal Heimbygdlag har årsmøte på Vårsøg hotell torsdag 16. februar klokka 1900. 2011 har vore eit aktivt år for Surnadal Heimbygdlag og Sverre Hatle har laga årsmelding for laget. Sjå heile denne her:
2011-11-11
10 år etter at han gjekk bort, vart Hans Hyldbakk torsdag kveld heidra med Hyldbakk-kveld og romanslepp på Surnadal Kulturhus. Bortimot 40 menneske var til stades for å få med seg Svein Sæter kåsere og sleppe romanen “Brotne band”, som ikkje er gitt ut i bokform tidlegare, og som er den einaste romanen Hyldbakk skreiv i løpet av livet.
2011-11-07
Surnadal Heimbygdlag arrangerer Hyldbakkveld i Svorkasalen på Surnadal Kulturhus torsdag 10. november kl.19.30. Svein Sæter har funne fram ungdomsromanen til Hans Hyldbakk, ”Brotne band”. No kjem han for første gong ut som bok på Blomsterhaug forlag. Svein kjem sjølv på kulturkvelden og kåserer. Boka blir å få kjøpt der.
2011-11-03
Surnadal Heimbygdlag er no medlemmar i Trollheimsporten. Du kan sjå informasjonssida deire her. Der finn du også link til side med nyheitsoppslag som Trollheimsporten har hatt om aktiviteten til heimbygdlaget.
2011-08-20
Hovudtemaet laurdag ettermiddag var den nyst utkomne diktboka ”Å vera her”, som er eit utval av likt og ulikt som Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle har skrive gjennom åra. Musikalske gjester var songaren Sigrid Vetleseter Bøe akkompagnert på piano av Hedda Hansen Berg.
- ”Ord og tonar” på Kallastua i dag, laurdag 20. august kl.17.00
2011-08-20
”Ord og tonar” er ein programserie som kantoren i Surnadal og hjelparane hennar har arrangert på Kallastua to-tre gonger for året det siste tiåret. Hovudtemaet denne ettermiddagsøkta er presentasjon av diktboka ”Å vera her” av Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle.


































