Illustrasjonsbilde Surnadal folkebibliotek2

Nytt frå biblioteket

Surnadal folkebibliotek informerer om utvida opningstid på onsdagar, og om moglegheit for utlån av blu-ray-spelarar.

Utvida på onsdagar

Biblioteket har kort opningstid på sommaren (måndag–fredag kl. 11–15). For å gjera det lettare å nå biblioteket før ferietida startar for fullt, er opningstida på onsdagar utvida til kl. 17 fram t.o.m. 18. juli. Du kan også ta kontakt med biblioteket på tlf. (476 80 797), e-post (biblioteket@surnadal.kommune.no) eller på facebook om du vil «bestille» ei bok og så legg biblioteket den ned i resepsjonen for henting når det passar deg.

 

Utlån av blu-ray-spelarar

Biblioteket har både språkkurs, lydbøker og filmar i ulike format. Mange har problem med å nytte seg av desse tilboda da dei kanskje har kjøpt seg bærbar pc (laptop) som ikkje kan spele av cd-ar eller andre diskar. Eller dei har ein dvd-spelar heime og vil sjå ein av filmane som vi berre har på blu-ray.

No er dette problemet løyst! Biblioteket har fått støtte til å kjøpe inn blu-ray-spelarar som vi lånar ut. Og desse handterer kva det skal vera av cd-ar, dvd-ar og blu-ray-diskar. Nokre av avspelararane går på pc-ar/laptopar og andre kan koplast direkte til fjernsyn. Lett å bruke skal dei også vere!

 

Foto: Surnadal folkebibliotek