Tirsdag
Tirsdag Delvis skyet
-5°
Delvis skyet
Flau vind
Onsdag
Onsdag Delvis skyet
-3°
Delvis skyet
Flau vind
042

Nyhetskavalkade Rindal 2011 - september

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal i ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 1. januar 2012. I dag er det mai 2011 i kavalkaden for Rindal og alle på Rindalslist fekk tur til London for Verdiskaparpisen 2011.

Verdiskaparprisen til Rindalslist førte til London-tur på alle.

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

SEPTEMBER
Rindal med luksusproblem, var ei av overskiftene før valget: Kommunen har to svært gode ordførarkandidatar. ”Slaget i Rindal” står mellom noverande ordførar John Ole Aspli (Ap), og utfordraren, noverande statssekretærog tidlegare ordførar Ola T. Heggem (Sp). – Vi har eit luksusproblem, slo to godt vaksne menn før den einaste politiske debatten starta i eit fullsett Attanova, Rindalshuset. Dessverre vart debatten alt for rund, tannlaus og lite konkret.

Arbeidet med fylkesveg 65 gjekk inn i ein ny fase når Multiconsult starta arbeidet med å kartlegge behovet fo punktvise utbetringar. – For oss blir det viktig framover å synleggjere betydningen av og statusen påå vegen, sa ordførar John Ole Aspli.

Overraska, men glade, mottok leiinga for Rindalslist Verdiskaparprisen for 2011 (over) . Innovasjon og konkurranseevne i ein tøff bransje var begrunninga frå juryen. – Det kjennes godt å få ein slik pris i ein bransje som ikkje er så synleg til dagleg, sa Hege Gåsvand. Blant 43 kandidatar tok de prisen, som blir delt ut av Sparebank 1 Nordvest og Tidens Krav.

Eit langvarig og omfattande arbeid med stikkrenner gjorde at fylkesvegen var som eit ”lappeteppe” over Rindalsskogen. Alt var greit planlagt og nytt solid toppdekke vil kome på plass i 2012.

Hege Sæther Moen har hatt sin første arbeidsdag som områdeforvaltar for Trollheimen landskapsvernområde. Ho vart tidelg i månaden ønska velkomen av leiar for områdestyre Mons Otnes og Rindal-ordførar John Ole Aspli (over til venstre), som var glad for å ha fått plassert Hege fysisk i Rindal og RindalsTorget.

Det vart ei stor dag for Rindal FK da dei møtte Meldal 2 tidleg i september. Tre 15-åringar debuterte. Det var oppsiktsvekkande og historisk. – Kjøle gøttj, sa trenar Willy Karlstrøm, som la til at dei no satsa bevisst på ungdommen (til venstre Jostein Landsem Lilleløkken, Anders Nerbu Løfald og Vebjørn Trønsdal Bævre)

Ordfører John Ole Aspli kløpte snora og gjekk deretter i badstu. Ved Igltjønna var det reinslege ein dyd, da prosjektet med badstua ved Tjønna (under, der plankestien blir montert) offisielt vart åpna. Det vart det første elementet frå eit forprosjekt støtta av kommunen, Blilyst og Møre og Romsdal fylke til 1,1 millionar kroner. Blilyst har vore med med 500 000, mens kommunen har bidratt med 360 000 kroner så langt i Kul-Tur-Sti!

Rindal eldreråd og pensjonistlaget har gjort seg god nytte av midlar frå Den kulturelle spaserstokken til å formidle kultur til eldre. – Det fins pengar til mangt her i lander berre vi har personar som kan jobbe med det og legge til rette for at vi kan søkje på dei, sa Ragnhild Stavne Bolme. Ho var listekandidat for Rindal Ap, og ville gjerne synleggjere innsatsen til pensjonistane i kommunen.

Det vart heimeseier i Lina Roindt til Terje Olsen, Rindals-Troll – og rindalingane gjorde reint bord. Terje Olsen fra Trondheim (undere til høgre saman med Frode Grønning) kjøpte sine første løpesko da han var 41 år gammel og takka Rindals-Troll for eit fantastisk miljø, både sportsleg og sosialt. 235 trimmarar og 25 i konkurranseklassane deltok i det 28. Lina Roindt.

Ola T. Heggem (under til venstre) var både stolt og glad etter det historiske valget Senterpartiet i Rindal gjorde. Sp fekk heile 58,5 prosent av stemmene og vil i dei neste fire åra sitte med ti i kommunestyret. Ap og sittande ordførar John Ole Aspli vart den store taparen, fekk berre 28,9 prosent av stemmene og kom inn med fem i kommunestyret. Både Høgre og KrF fekk ein kvar, som sist.

Det nye kommunestyret i Rindal fekk slik samansetting: Senterpartiet: Ola T. Heggem, Berit Storholt Flåtten, Stein Gunnar Rønningsbakk, Oddvar Kristian Evjen, Kirsti Barbo Landsem, Ann Elin Hess Brønstad, Petter Andreas A. Baalsrud, Brit Bakken, Tore Ljøkjell Simonset og Ola Syrstad. Arbeiderpartiet: John Ole Aspli, Katja Elisabeth Røen, Jo Trønsdal Bævre, Åge Jonli og Line Flåtten. Kristelig Folkeparti: Tove Flåtten. Høyre: Ola Løseth Bakken. Bilde av dei alle nedenfor.

Dei lafta veggelementa frå Solem Sag vart sett på plass i september og nyfjøset på Utistua Landsem i Rindal (heilt nederst) kom eit skritt nærare innflytting. Det nye klimavenlege fjøset vil bli på mellom 800 og 900 kvadratmeter og skal romme 52 mjølkekyr pluss ungdyr. Det er Jon Landsem som bygger nyfjøset i samarbeid med Innovasjon Norge. Han tok over Utistua Landsem 1. januar 2011.

Jon Landsem arbeider i dag for Rambøll i Oslo og har planer om å kome heim til Rindal og Utistua Landsem. - Det vil skje om en 3-4 år, sier kårkall Ingebrigt Landsem til Trollheimsporten. Han vart kårkall ved nyttår og skal drive garden og nyfjøset de første årene. Jon Landsem driv med miljøsertifisering og ønsker å ta med seg denne erfaringa og kanskje skape sin egen arbeidsplass i tillegg til gardsdrifta på Utistua Landsem når han kjem heim. - Skal det satsast er dette vegen å gå, meiner kårkaill Ingebrigt Landsem og får enighet og nikk frå Stein Olsvik i Rindals-Tre og Georg Solem i Solem Sag. Begge var engasjert i dette pilotprosjektet, der mange lokale aktører var med.

Tips en venn Skriv ut