snora klippes_1024x879

Nyhetskavalkade Rindal 2011 - oktober

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal i ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 1. januar 2012. I dag er det mai 2011 i kavalkaden for Rindal og Midtgard vart offisielt åpna med snorklipping.

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

OKTOBER
Kompaniet Frisør åpna i Kompaniet (den gamle Kroa) hos Børset & Co mandag 3. oktober. Tre damer har slått seg saman om konseptet. Kirsti Barbo Landsem har drive for seg sjøl som frisør i 21 år. Ho har sakna nokon å drive saman med. Det har ho no fått i Anna Marita Bøe og Elin Landsem (til høgre). Ein dag i veka har Kirsti arbeidd saman med dei ved Håsenteret i Surnadal. – No ser vi fram til å kome i gang her. Det blir kjempebra. For Elin og meg blir det godt å sleppe pendlinga til Surnadal. Det skal bli godt å arbeide i bygda, sa Anna Marita, dagleg leiar i den nye salongen.

Vibo selger hyttedrømmen i Bæverfjord – hytte med standard, båtplass og naust og gode fiskemuligheter. Ingen ting anna enn full pakke er godt nok når Vibo selger hytter på Einholmen i Bæverfjord. På området ved strandkanten er det 11 hyttetomter. To av desse har Vibo kjøpt. Ei hytte er reist, ein fritidsbustad på vel 90 kvadrat med tre soverom, rom for sauna, hems og to store panoramavindu i den kombinerte stua med kjøkkenkrok. – Tilbudet i markedet er stort. Derfor er det viktig for oss å selge full pakke med alle fasilitetar, sa prosjektleiar Yngve Bakken i Vibo.

 

Sidan 1999 har talet på gardsbruk i Rindal gått ned med 50 til 114. Det er ein nedgang på 30,5 prosent. Det blir berre færre og færre bønder!

 

Midtgard omsorgsbustad vart offisielt åpna siste september (øverst). Bebuarar, pårørande og inviterte gjester feira med snorkløpping, musikk og kaker. Vibo har hatt totalentreprisen og kostnaden er 12 millionar kroner med garasjar for heimesjukepleie og eit flott oppgradert uteområde ved helsetunet.

 

Hege Norli og Jo Trønsdal Bævre var blant dei 12 som deltok på den første MOT-campen i historia ved Gråkallen i Trondheim i vinterferien. Frå mandag til torsdag var dei på plass. – Det er så fint her. Fin utsikt og natur, og dei vart ein svært samanspleisa gjeng, sa Hege Norli.

 

Rindal fekk ein auke av dei frie midla til kommunanepå 4,9 prosent, da Statsbudsjettet vart lagt fram tidleg i oktober.  115 millionar kroner kan Rindal boltre seg med i 2012.

 

Etter mesta 20 år ute av ordinært arbeidsliv, var eksordføraren spent på om nokon treng kunnskapane hans. Den 10. oktober overlet John Ole Aspli (55) ordførarkontoret til Ola T. Heggem (59). Det vart på mange måta reit spesielt følelseslada regimeskifte (under til venstre). Heggem bruka mykje av sin ”debuttale” til det nye kommunestyret til å takke Aspli for den store innsatsen for Rindal dei siste åra. – Eg har kjent deg sidan vi var gutungar. Og i politikken har eg kjent deg sidan valgkampen i 1991. Etterpå har vi samarbeidd mykje og bra, til og med som ordførar og varaordførar i fire år. Eg håpa dette kunne fortsette også i den komande perioden, sa Heggem.

 

Men så mykje samarbeid med Aspli blir det ikkje. Den avtroppande ordføraren har nemleg sagt nei til både formannskap og plass i eit av hovedutvalga. Aspli kjente på seg at han måtte gjera det slik. No har han tre månaders etterlønn, deretter er det arbeidsløysa som venter. I ein slik utfordrande situasjon vil eg ikkje binde meg for mykje i politikken, sa han og kunne vidare fortelle at han ikkje hadde noko konkret på gang.

 

I Rindal lura dei på korleis dei aller minste barna kunne ta i bruk fleirbrukshallen i Rindalshuset. Resultatet vart eit trøtraktor- og trehjulssykkeltreff. – Vi prøvde dette for første gong i fjor haust. Det var ein suksess. Nærare 40 ungar i alderen 2 til 7 år kom for å tilbringe nokre timar i hallen, fortalte Berit Storholt Flåtten. I midten av månaden var det nytt treff. Og det kom i alle fall ikkje færre enn i fjor. – Bakgrunnen for opplegget er å få ein breiare aktivitet i hallen. Målet er å nå fleire aldersgrupper og dette vart resultatet for dei aller minste, sa Storholt Flåtten.

 

IL Rindøl og IK Rindals-Troll diskuterte igjen samanslåing. Årsmøtene i begge laga 23. november skal avgjere om det skal bli berre eitt idrettslag i Rindal i framtida. I oktober var det medlemsmøter hos begge lag. Leiarane (Lisbeth Lillevik – Rindøl og Lars Mikkelsen – Rindals-Troll) meinte etterpå at stemninga for ei samanslåing var positiv hos begge lag. Signalene hos medlemsmøtet i Rindøl var ikkje eintydige. – Men styret har bestemt at vi vil gå inn for samanslåinga, så får medlemmene bestemme på årsmøtet,  sa Lisbeth Lillevik. Og det var hos Rindøl skepsisen var størst.

 

Dagleg leiar Jan Romundstad i Rindalslist lista seg heilt til inntektstoppen i Rindal i fjor. Han toppa inntektslista med nærare 2,2 millionar kroner. Nærast kom Randi Opøyen med 1,38 mill, mens banksjef Odd Inge Løfald kom på tredjeplass med 1,178 mill kroner. Elmer Talgø trona øvst på formuetoppen med 13,5 millionar kroner. Deretter følgde Arne Olav Gåsvand (9,6), Morten Gåsvand (8,6) og Hege Gåsvand (5,2) for inntektsåret 2010.