Eli L to nye år

Nyhetskavalkade Rindal 2011 - juni

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal i ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 1. januar 2012. I dag er det mai 2011 i kavalkaden for Rindal og Eli Landsem kunne ikke komme til Småtrolluka i år, fordi ho skulle lede Norge i VM.

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

JUNI

Eli Landsem (til venstre) vart ikkje med på Småtrolluka i år. Ho meldte forfall fordi ho skulle leie Norge i VM. Det var første gong på 27 år Eli ikkje kunne vera med på Småtrolluka. I VM kom Noge i ei tøff gruppe med Ekvatorial-Guinea, Brasil og Australia.

Øvre Rindal skole vil i løpet av dei neste fire åra miste 20 elevar. Rindal Høgre meiner det er på tide å sjå på skulestrukturen i kommunen. – Det er ikkje det same som nedlegging av skulen. Det er mange ting som spelar inn. Vi har ein barnehage på Øvre Rindal også, og per i dag er det ikkje plass på Rindal skole til å ta i mot elevane frå Øvre Rindal. Dermed må heile strukturen vurderast samla. Det er ikkje sikkert det er kroner og øre å spare på å legge ned Øve Rindal skole, men vi må gjera det som er nødvendig for å gje elevane eit best muleg tilbod, sa Kaj Troelsen i Rindal Høgre. Ordførar John Ole Aspli meinte statistikken med elevnedgangen var dramatisk, men han var optimistisk med tanke på å snu den.

Driftsbygningane langs fylkesveg 65 på Rindalsskogen har veggene vendt nedover dalen kledd med stålplåter. Plåtene er vent mot ”styggveret” frå vest. – Styggveret kjæm frå dala, kom det kot og konsist frå lokalhistorikar Ola L. Løfaldli. Det er storm og ruskver frå kysten som erfaringsmessig tærer på folk og hus på Rindalsskogen. Og her går fylkesevegen i ei rein aust-vest retning.

Inga Dalsegg (til høgre) var godt fornøgd med responsen på separatuttillinga på Manhattan i New York. Eigentleg vart ho overvelda over kor mange som kom på åpninga. – Utruleg mange stilte spørsmål og ville høyre om bakgrunnen for bilda. Særleg ”Hender” vakte interesse, sa ho etterpå.

Å lage knivar har lange tradisjonar her i landet. Lærar Åse Børset ved Øvre Rindal skole har lært det av sin bestefar og far. I år lærte ho dei eldste elevane på skulen gammel handtverkskultur. Å la sjette- og sjuandeklassingar ”leike” med kniv er sikkert i strid med eit og anna EU-direktiv. Det er sikkert også fy for ein del sosionomar og forståsegpåarar. Men for ungane som veks opp med utmarka som boltreplass utafor stuggudøra, er ein kniv mesta like uunnverleg som bukse og skjorte.

Veteranene i Trondhjems Turistforening (VETT) la årets topptur til Tifjellet i Rindal. 20 spreke pensjonistar gjekk 730 meter over havet i strålande ver tidleg i månaden.

63 sprang på tid, mens 89 var med i trimklassen – og trønderne var best i det 35 Trollheimsløpet (til venstre diskuteres løpet). Ola Sakshaug, Selsbakk, vant herreklassen, mens Nina Nevin, Strindheim, var best blant kvinnene. Thomas Holm, Rindals-Troll, tok tredjeplassen for arrangørane. Jo Svinsås (gutter 14 år) og Anne Fivelstad (jenter 12 år) tok heimeseirer.

Ordførar John Ole Aspli utnemnte elevane ved Øvre Rindal skole til ambassadørar for vern av elvemuslingen. Han hadde invitert 6. og 7. trinn ved skulen på sykkeltur til Lomundalen. Inkludert i turen var ein solid naturfagtime med naturoppsyn Lars Olav Lund og Lars Løfaldli frå Direktoratet for Naturforvaltning (DN). Hovudemnet for naturfagtimen var bestanden av den trua elvemuslingen i elva Lomunda. Men muslingen fann dei ikkje da kraftig regn kvelden før hadde ført til flaum og brun elv. Elevane fekk sjå skal frå elvemuslingen, som Lars Olav Lund hadde med.

Kommunestyret hadde utsett sak om Rindal Vest til behandling og under enkelte forutsettingar kan spaden settast i jorda. Øvre Dalen blir eit reint leilighetsbygg og skal realiserast så snart som muleg. Kommunestyret krev at minst 7 av 11 leiligheter må vera solgt før igangsetting, tre privat og fire ved kjøp frå kommunen. Kommunens kjøp skal begrensast opp til 6 millionar kroner. Utbygginga skal gjerast forretningsmessig og øvre investeringsramme er satt til 23 millionar kroner. Nybygget i Autoverkstedet skal reduserast til ein etasje og ei grunnflate på 400 kvadratmeter. Før dette blir sett i gang, må Øvre Dalen vera igangsatt og areal til næringsformål og leieforhold må vera på plass i eit omfang som avgrensar kommunens årlege driftsansvar til maks 600 000 kroner. Øvre investeringsramme for Autovekstedet vart sett til 8 millionar kroner. Alt dette var det styringsgruppa som fekk i oppdrag å sette i gang. Etter valget vart desse store planene lagt på is.

Rindal Senterparti med ordførarkandidat Ola T. Heggem i spissen er revansjesugne føre haustens kommunevalg. Målet var  heilt klart å ta attende kommunestyrefleirtalet. Dei møttest til grillkveld i gapahuken i Furuhaugmarka og presenterte det ferske valgprogrammet for medlemmene. – Det krev mykje jobb og vi må jobbe saman og vera samstemt når vi uttaler oss, sa Heggem som advarte mot å tru at det blir lett match. Samtidig konstaterte han at det har vore eit tungt år for Sp, men at stemninga likevel var betre enn media framstilte det.

Bjørn Brekstad ein rugg på 18,8 kilo på Eriksen-valdet på Fannrem i Orkla. Han sto heilt aleine i elva da kjempelaksen slo til. – Den rente med heile snøret (150 meter). Blodpumpa gjekk for fullt mens kampen pågjekk i 45 minutt. Det var eit adrenalinkick utan like, fortalte Bjørn.

Sting og Mew var inspirasjonskjelder når Swiks (over til venstre) laga si første langspelplåte. Midt i månaden spela dei saman med El Quero under Sunndal Kulturfestival. Den nye plåta bruka dei mykje tid på.

Rovdyrforliket gjer det enklare å ta ut skadedyr, sa statssekretær Ola T. Heggem i juni. Forliket sat langt inne, men Heggem var glad for at alle partia kunne samle seg om det før sommaren.

Samtidig sådde Ola T. Heggem tvil om Rindal Vest. – Eg registrerer at det er litt delte meiningar rundt prosjektet, sa han og sikta til at fleire partigrupper er delt i synet på prosjektet. Han var ordførarkandidat for Sp og gjekk langt i å antyde at det kanskje kunne vera grunn til å stoppe litt opp og sjå nærmare på behovet for prosjektet opp mot kostnadane.

Rindal kommune ser mot Trøndelag og utgreier Samkommune.  30. juni var ni kommunar i Orkdalsregionen (Agdenes, Hemne, Hitra, Frøya, Meldal, Orkdal, Rindal, Skaun og Snillfjord) samla på Saga Trollheimen hotell. Da vart samkommunealternativet vurdert og kommunene diskuterte seg fram til eit forslag om vedtak om framtidig interkommunalt samarbeid.

19. juni åpna Rindal bygdemuseum sesongen med ”Synnlauping og spikkjimat” samt dei faste utstillingane. ”Gamle leiker” var årets tema og har vore årets skuleprosjekt - bilde over til venstre.

Etter to års intenst arbeid kunne ordførarane Mons Otnes (Surnadal) (til venstre sammen med Rune flatby fra NVE) og John Ole Aspli (Rindal) overlevere vilkårskrava til revisjon av kraftproduksjon i Surna til NVE. Under villakskonferansen under laksefestivalen sa statssekretær Heidi Sørensen (SV) i miljøverndepartementet at ho trudde  Norge er villig til å tape pengar på kraftproduksjon for å sikre eit betre miljø i vassdraga. Det var avdelingsdirektør Rune Flatby i NVE som tok i mot vilkårskrava frå kommunane.

Vibo Entreprenør AS og byggavdelinga i Kvatro AS fusjonerte og fekk hovedkontor i Rindal og filial på Orkanger. Vibo vart overtakande selskap i fusjonen og vil få rundt 75 tilsette og forretningsadresse Rindal. – No ligg vi midt i smørauget på aksen mellom Kristiansund og Trondheim, sa dagleg leiar Rolf Kvernberg - bilde under til høgre.

I fjor samla Optimistkonferansen 370 deltakarar. I år var Mia Törnblom, Bjarne Bøndbo og Odd-Bjørn Hjelmeset henta inn som foredragshaldarar, mens Are Sende Osen var ny konferansier.

Som den første bedrifta i Rindal vart T-Komponent sertifisert som Miljøfyrtårn. Ordførar John Ole Aspli delte ut sertifikatet til daglig leder Elmer Talgø. – Eg er stolt over kva vi har fått til her på huset og det er ved hjelp av dere, sa han til dei tilsette.

Inge Hermann Foss (under til venstre) vart rørt til tårer, da han vart ropa opp som årets vinnar av Sigurd Røens idrettspris under Bøgdakvelden da Kulturvøkku starta fredag 24. juni. Inge Hermann var i år den store overraskinga under Bøgdakvelden. I 30 år har han vore Mr. Damehandball og første året han var trenar førte han Rindal IL til kretsmesterskap. – Å drive idrett inne i ein varm hall om vinteren har ikkje vore noko minus, sjøl om eg ikkje har noko i mot ski og vinteridrett, sa han da han hadde summa seg. Og varaordørar Lars Polden i Surnadal oppsummerte kvelden: - Imponerande kva dei klarer å få til. Dei gjer det enkelt og brukar lokale krefter, eldre og yngre. Med halsabyggen Foss sin idrettspris og surnadalskoret Tormod sin opptreden har vi fått det beste frå tre kommunar, smilte Polden på veg heim. Kor, korps og solosong prega kvelden, og koseleg bøgdakveld, var andre avistitlar å hente.

Morten Gjul frå Tingvoll var årets vøkkukunstnar. 25 akvarellar fekk plass i Løsetlåna ved Rindal bygdemuseum. I år feirar Rindal Kunstlag 20 år og er meir aktive enn nokon gong. Bygdas einaste aktive kunstnar, Inga Dalsegg, fekk blomster under åpninga. – At ho stiller ut på Manhattan i New York går ikkje upåakta hen blant sambygdingane, sa leiar Kristin Langli i kunstlaget.

Kommunestyret måtte innsjå at kommunen har eit driftsnivå som ikkje står i forhold til inntektene og manglar 2 millionar kroner årleg for å sauma det saman. Det blir tøffe tide framover for kommunen.

Trong økonomi gjorde at ikkje alle dei kommuale vegane fekk asfalt i sommar, men kommunestyret vedtok å bruke 2,4 millionar koner på asfaltering. Dei vegane soim ikkje fekk i denne omgangen var Trollfaret, Jøåbakken, Myrvegen, Revfaret og Skulebakken.

Terry Romstad og kona Barbara kom frå USA for å bli betre kjent med slekta i Norge. Kari Nerbu var organisator og Sigrid Nerbu var vertinne da dei besøkte Rindal. Dei bau inn til slektstreff ved Rindal bygdemuseum.

I slutten av månaden åpna Rindal Ap valgkampen (under). - Vi har levert det vi lova i valgkampen for fire å sidan og er klare for ny innsats, sa ordførar John Ole Aspli og nemnte Nytunet med omsorgsboligar, auka talet på lærlingeplassar og sikra ambulansestasjonen. Vi har finansiere og skal realisere skimuseet og har etablert ein fast aktiv dialog med næringslivet. – Vi føler vi har lykkast bra, sa han og kunne presentere ei god valgliste. – Ein flott gjeng med god miks i forhold til kjønn og alder. No blir han utfordra av Ola T. Heggem. – Ola er både ein dyktig og rutinert politikar, men vi i Arbeiderpartiet meiner faktisk vi er like flinke som Senterpartiet til å leie kommunen. På nokre område vel så flinke, sa Aspli.

Brannfolk frå tre kommunar fekk ei nyttig øving da Saghaugen i Grønlifeltet (under til venstre), med hus og fjøs, vart påtent. Huset vart brent ned etter ein møysommeleg prosess for å få alle godkjenningar på plass. Øvinga var eit samarbeid mellom Surnadal, Rindal og Meldal brannvesen, og hadde særleg fokus på innvendig slokkingsarbeid.

For fjerde år på rad trekte Optimistkonferansen fullt hus i Rindalshuset. Konferansen har som mål å dyrke optimisme som drivkraft, og lykkast med det ved hjelp av ei rekkje kjendisoptimistar. – Konferansen sprer positivisme i det rindalske næringslivet, Det betyr mykje, sa leiar Nils Stokke i 

næringsforumet. – Optimistkonferansen er som eit føstehjelpskurs. Ein har hørt det før, men ein treng å høre det igjen, sa deltakar Heidi Hagen. – Vi er alle vinnarar, sa skiløpar Odd-Bjørn Hjelmeset. – Det handlar om å sjå muligheter, ikkje hindringar, sa kjendiscoatch Mia Tørnblom. – Optimistar har det mei artig og ein skal vera bra vrang for ikkje å like Optimistkponferansen, sa mediemann Are Sende Osen, ny konferansier for året. – Det er om å ha litt ekstra tru på at herre klare vi, sa trønderrockar Bjarne Brøndbo. I år vart Optimistprisen til Rindal Sparebank delt mellom Ingeborg Sande (Solhaug) og Hedvig Bakken (Bakken Helse). Prisen var på 10 000 kroner kvar og diplom.