Tirsdag
Tirsdag Skyet
Skyet
Lett bris
Onsdag
Onsdag Regn
Regn
Laber bris
Åpning av Småtrolluka_1024x680

Nyhetskavalkade Rindal 2011 - juli

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal i ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 1. januar 2012. I dag er det mai 2011 i kavalkaden for Rindal og den 27. Småtrolluka vart åpna med rekorddeltaking - 285 småtroll!

 

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

JULI
Det var eit historisk vedtak om samarbeid i Orkdalsregionen som vart gjort på Saga Trollheimen hotell siste dagen i juni. Ni kommunar i Orkdalsregionen tok eit langt skritt mot eit langsiktig forpliktande samarbeid. Ordførarane John Ole Aspli i Rindal og Ivar Syrstad i Meldal var blant dei som sikta mot eit langvarig forhold. Det var kommunetoppane frå Agdenes, Hemne, Hitra, Frøya, Meldal, Orkdal, Rindal, Skaun og Snillfjord som i form av styringsgruppe fekk æra av å vera med på dei historiske vedtaka. Vedtaka er ein milepæl, sa ordførar John Ole Aspli og rådmann Bjarne Nordlund. I første omgang skal det samarbeidast om IKT,  barnevernsvakt, skatteinnkreving, byggesak, kart og oppmåling, samt bann og redning. På sikt kan det vera aktuelt med ei utviding med PP-tjeneste, kulturskule og vaksenopplæring.

Småtrolluka vart arrangert for 27. gong med rekordoppslutning – 285 påmeldte (til høgre). Eit nytt tilbod har kome til – sommarskiskulen – noko som var svært populært. Og triatlon hadde fått nytt namn – Tour de Troll. Ellers gjesta assisterande landslagssjef i fotball, Ola By Rise og eliteskiløpar og verdensmester i stafett, Eldar Rønning, årets småtrulluke.

Vått og rått på åkeren, vart det meldt om fra Romundstadbygda. Tron Olsen var nødt til å kjøre forhaustar. Det var for vått til å legge i rundballar. Olsen har i 32 år dreve garden Helgetun Nestua saman med kona Ingrid. – Det er så vått at eg ikkje kan lage rundballar. Og når eg har starta å legge silo, må eg fortsette med det. Den må fyllast på, i alle fall fire lass kvar dag. Men graset er i våtaste laget, sa Olsen og viste fram korleis vatnet rant ut av graset i tilhengaren.

Med eit bredt tilfang av løparar på høgt midtnorsk nivå, var Rindals-Troll til slutt suverene vinnarar av St. Olavsloppet (vinnarlaget under til venstre). På avslutningsdagen inn til torget i Østersund demonstrerte Rindals-Troll verdien av å ha mange gode også bak dei aller beste. – Bredde og elite går hand i hand i ein stafett som dette, konkluderte lagleiar Tor Jarle Bolme stolt etter 52 fullførte etappar mellom Trondheim og Østersund. Førstelaget viste seg å vera utilnærmeleg til slutt og gjentok triumfen frå 2010 – den gongen med målgang i Trondheim. Ein av nøkkelløparane for Rindals-Troll i år var Teklya Abraha Tekesete frå Eritrea, som kom til flyktningemottaket på Sunndalsøra i fjor og brukar løparmiljøet til å bli kjent med Norge. – Det har vore kjempebra å vera med her. Laget er veldig bra, sa 21-åringen om debuten i loppet. For samanlagtseieren fekk Rindals-Troll ein pengepremie på 20 000 kroner. I tillegg fekk dei 5000 for kvar av dei tre seirane i dagsetappane – altså 35 000 kroner tilsaman. – Dei går inn i neste års budsjett, der vi har fire lag påmeldt, sa Tor Jarle Bolme.

Ei vellykka Kulturvøkku vart avslutta med Torgdag i sentrum og tunmesse på Rindal bygdemuseum. Store og små strømma til og sørga for liv og handel.

- Det er aldri godt å leve med ein usikkerhet i forhold til økonomiske prioriteringar. Vi treng avklaring, sa rådmann Bjarne Nordlund, etter at økonomiplana ikkje var i hamn før sommaren. Det mangla to millionar kroner kvart år. Ordførar John Ole Aspli  var ikkje bekymra. Han tykte kommunen tvert i mot var ute i god tid til budsjettbehandlinga.

Samhandlingsreformen i Orkdalsregionen opprettar ein ”samhandlingsenhet” i tilknytning til den felles legevjktordninga ved Orkdal sjukehus. I alle fall om styringsgruppa får det som, dei vil. Det avgjer 13 kommunestyre i august. Dette forslaget gjekk også ordførarar og rådmenn i dei 13 SiO-kommunane inn for.

Rigelin gjekk sitt siste ordinære totoløp den 7. november 2005. Det endte uplassert og attpåtil vart hesten rapportert. I starten av juli, seks og eit halvt år seinare, var hesten attende  - betre enn nokon gong. Da vart det seier på Leangen og eigar og trenar Nils Stokke kunne saman med kusk Jarle Morten Sørmo glise bredt.

Næringsforumet meiner kommunen i større og større grad er blitt ein konkurrent til næringslivet, og næringsforumet ba kommunen om å opptre meir som ein tilretteleggar i staden. Dei har fått fleire innspel frå medlemmer der kommunen tilbyr tjenester som konkurrerer med næringslivet, og dei nemnte Rindal Vest, catering ved Rindal helsetun og utleie av lokaler. – Samarbeidet med næringslivet har aldri vore betre og næringslivet ville ikkje vera med på Rindal Vest, kommenterte Ola Eirik Bolme (Ap).

I ein oversikt blant kommunane på Nordmøre omkring avgiftsnivået hamnar Rindal på 22. plass i Norge og suverent på toppen på Nordmøre. Vatn, avløp, avfall, septikk og feiing er med i oversikta. I Rindal kostar desse tjenestene 13 355 kroner i året. Gjemnes (12 379) og Averøy (10 335) kjem nærast, mens Surnadal er på fjerdeplass med 9616 kroner i året. Det er ein 215. plass blant kommunane i Norge. Det er i Aure du betaler minst for avgiftene på Nordmøre – 6497 kroner i året. I Rindal er det altså dobbelt så kostbart. Aure er nummer 374 av kommunane i landet.

Inga Dalsegg hadde gode dagar under kunstfestivalen Galleria i Mosjøen i midten av månaden. Det er Norges lengste galleri, da alle hus og lokaler i hovudgata Sjøgata. Frå galleri, naust, smug, garasjar, uttillingsvindu og kafeteriar, er teke i bruk som galleri under festivalen. – Det var flott å kunne måte så mange andre kunstnarar og kolleger og dele erfaring med dei, sa Inga etterpå.

Nydeleg ver, konkurranse på Igltjønna mellom 15 gummibåtar fylt med unge deltakarar, aktivitetar på land og til slutt Swiks-konsert. Store og små kosa seg under ”Tjønna Challenge” (under er alle båtane i gang). Da startskuddet gjekk låg båtane klare på stranda ved badeplassen. Her var ”MOT-båt”, ”Lærlingebåt, ”Ungdomsrådsbåt”, ”Tid til å leve-båt”, ”Piratbåt, ”Paparazzibåt”, ”Idrettsbåt” og fleire. Først rodde deltakarane til stupetårnet. Der vart flaskepost kasta ut i vatnet. Inne i flaskene låg kart over dei seks postane alle mått innom. Det var ein slags natursti til vanns. Deltakarane padla frå post til post. – Nokre spørsmål var vanskelege, andre lette, fortalte Markus Mikkelsen fra eksungdomsrådet etterpå. Pressebåten med Trollheimsporten vant tur til Sjoa og rafting.

Rindalingen Turid Røen Kroknes fekk gode kritikkar etter hovudrolla i Fru Guri av Edøy. – Turid gir oss ei høgreist, bestemt, varm og god Fru Guri, vart det blant anna skrive etter den 16. premieren på Smøla med havet og Edøykirka som kulissar. Til høgre Turid Røen Kroknes som Guri fra Edøy saman med ungane og skalden.

Hedvik Bakken (Bakken Helse) og Anita Gjerstad Lindvåg gjekk inn som aksjonærar i Surnadal Velværesenter hos Ann Kristin Bruset. Etter nokre månader skifta dei namn til Surnadal trening- og velvære. Dei tre skildra seg sjøl som tre ulike typar med ulik kompetanse, og dei trudde derfor dei ville utfylle kvarandre godt. – Vi satsar på kvalitet. I lag blir vi bra. Superbra! sa dei.

Ho hadde rista av seg den enorme skuffinga over at Norge rauk ut i gruppespelet i fotball-VM. I slutten av juli var det glød og revansjelyst som prega landslagstrenar Eli Landsem. – Det var aldeles for jævlig, sa ho om VM-exiten. – Det kjentes frykteleg tungt å ryke ut. Det bars rett heim etter den siste kampen (tap 1-2 for Australia) og det har tatt tid å kome over skuffinga. Eg har hatt nokre lange turar i skogen, sa ho etterpå.

Regjeringskvartalet i Oslo og Utøya vart terrormål 22. juli, da verda snudde før og etter i Norge. Tilsaman vat 77 drepne av bomber og skot. Nyheitene var dominert i fleire veker av ei handling frå ein gal massemordar ingen forsto noko av. Her nøyer vi oss berre med dette. Ingen frå Rindal vart ramma, men statssekretær Ola T. Heggem fekk sine kontor øydelagt og det var en fin minnemarkering ved torget – Rindal sentrum.

Fantasifullt og morosamt i Attanova når barnekomiedia til teatergruppa Tryll, ”Da barna tok kaka” vart framført med overbevisning og lidenskap. Forestillinga samla full sal og og 11 unge fekk fin innføring i teaterkunsten i Rindal.

Tomtene i Resvatnet hyttegrend blir byggeklare i løpet av hausten og prisen vil ligge på mellom 350 000 og 400 000 kroner. Det er grunneigar Hanne Tove Nerbu Baalsrud som har fått godkjent utlagt 17 tomter ikkje langt frå Vålåskaret i Meldal kommune gjennom Rindalshytter, som skal bygge alle. Rindal Maskin skal stå for infrastrukturen og bygge 1,2 km veg. Det vil stå ferdig alt i høst og i juli var to tomter selt, før markedsføringa kom i gang.

Tips en venn Skriv ut