Fredag
Fredag Skyet
11°
Skyet
Frisk bris
Lørdag
Lørdag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
LOL Eyvind_1024x699

Nyhetskavalkade Rindal 2011 - februar

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal i ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 1. januar 2012. I dag er det februar 2011 i kavalkaden for Rindal og Jervemannen Lars Olav Lund presenterte Statens Naturoppsyn for formannskapet

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

FEBRUAR
Jervemannen Lars Olav Lund (til høyre sammen med Eyvind Nergård da Statens Naturoppsyn presenterte seg for formannskapet) var på NRK ”Ut i naturen” og ute på oppdrag, da NRK sendte fra Vistdalsfjella 1. februar. Lars Olav arbeider i Statens Naturoppsyn og har ei dobbeltrolle når det gjeld jerven. Han skal beskytte det freda dyret, men og avlive overtalig jerv. Det såg vi meir om på TV.

Samtidig hadde kommunane rundt Trollheimen revidert forvaltningsplan for rovvilt i region 6, Midt-Norge, til behandling. Alle kommunane, Rindal inkludert, vedtok å ikkje ha Trollheimen som yngleområde. Seinare vart tilsaman seks jerv skote på åte i Todalen under kvotejakta i løpet av månaden, den siste på siste jaktdag. Dyret som vart skote var eit ekstradyr som Fylkesmannen tildelte. Ekstradyret vart tildelt etter at Ola G. Sæther skaut ein hannjerv på 13,5 kilo i Vindøldalen.

Eit arbeidsutvalg i Helse Midt-Norge gjekk inn for å endre tilbodet om ambulansetjeneste. Ambulansen i Rindal var foreslått lagt til Storås. Rindalingane ønsker å behalde ambulansen og i samband med Rindal Vest og riving av Autoverkstedet, der ambulansen har tilhald, vil Rindal bygge ny stasjon på sentrum. Ordførar Jon Ole Aspli tykte det ikkje var nokon god ide å flytte ambulansen til Storås.

Under til venstre teikning av forslaget til ny ambulansestasjon ved helsetunet. No vart ikkje den aktuell, da Helse Midt-Norge seinare gjekk inn for å drive ambulansane i eigen regi.

Det spøker på mørkloftet ved Øvre Rindal skole. I alle fall i følge ein skrekkfilm laga av elevane i mellomtrinnet ved skulen. I ei heil veke hadde elevane laga film, i staden for å gjere lekser. Det vart søkt om støtte til ei filmprosjekt gjennom kultursekken, eit kulturformidlingsprogram i Møre og Romsdal fylkeskommune. Og vips, så kom Robert Hansen med filmkamera og datautstyr og tok over klasserommet i ei heil veke.

Tre unge skiløparar er i ferd hevda seg godt i langrennssporet i vinter. Jo Svinsås, Aksel Norli og Jonas Nergård Tørset vart kretsmestere i klasse 13-14 år under Fokusstafetten i Knyken i februar.

En annen kar som hevda seg godt var Hallvard Løfald. Han fortsette å sanke norgescuppoeng og vart nummer 8 og 14 da den andre norgescuprunden gjekk på Beitostølen.

Kommunestyret vedtok einstemmig å ta forvaltningsrevisjonen til etteretning, og lova bot og betring på å etterleve sine post- og arkivrutinar. Vidare vart avisa Sør-Trøndelag gjenstand for knallhard kritikk under kommunestyremøtet. Forvaltningsrevisor Tine Gundhus påpeika at avisa hadde framstilt innhaldet i revisjonsrapporten om kommunens post- og arkivrutinar på ein unyansert måte, og at oppslaget ikkje ga eit korrekt inntrykk av rapporten.

Vel 100 timars venting gav resultat for Nils Gjeldnes. Han felte ein hannjerv på 13,1 kilo i Todalen tidleg i månaden. Nils var ein av lisensjegarane og hadde lov til å felle det freda dyret.

For Lars Hol Moholdt var EM på heimebane sesongens store mål. Det vart ein stor nedtur og skuffing for Lars. Etter sølv på stafett og fjerdeplass individuelt i fjorårets EM, var individuell medalje målet denne gongen. Det vart 15. plass på langdistansen, 17. plass på sprinten, 15. plass på mellomdistansen og fjerdeplass på stafetten – ei stor skuffing for heile det norske herrelaget. – Stusseleg, sa han sjøl etterpå. I NM seinare i månaden gjekk det betre, med gull på langdistansen og bronse på mellomdistansen.

- Eg debuterte i Marcialonga for eit år sidan. Det var ei så fantastisk oppleving at eg meldte meg på igjen i år. Det kan fort bli ein tradisjon at eg reiser til Italia, sa Lasse Skjølsvold, som gjekk Marcialonga saman med bror Arne i år. Lasse har 16 startar i Birkebeinerrittet på sykkel.

Kommunen ba om tilbod frå tre aktørar som kan tenkje seg å foreta ei vurdering av pleie- og omsorgstenestene. Gjennomgangen skal vurdere om kommunen brukar dei økonomiske ressursane i pleie og omsorg på best muleg måte, om det er sannsynleg at det vil vera muleg å få meir og betre teneste for dei ressursane som blir bruka i dag og om tenestene er lagt opp på ein god måte i forhold til dagens situasjon, og ikkje minst i forhold til den nære framtid for ressursane som blir bruka i tenestene.

88 lag og 176 deltakarar var rekord til Rindals-Troll i årets sprintstafett (til høyre), som er i ferd med å bli ein tradisjon. Her er det mange unge skiløparar som debuterer. Sprintstafetten, som er for alle fra åtte år til senior, hadde i år lag fra Tingvoll, Aure, Halsa, Surnadal, Meldal, Orkdal, Hemne Snillfjord, i tillegg til Rindals-Troll. Det vart dobbeltseier til heimelaget i G13-14 år og seier i G15-16.

Lensmannsbetjent Anders Magne Ormseth ved Surnadal og Rindal lensmannskontor advarte mot auka bruk av narkotika og fleire narkosaker det siste året. Han orienterte politikarane og han meinte at det var bra folk fekk vite kva som foregår.

Kommunen vil gje hytteeigarane fire veker på å løyse den årelange vegstriden i Tørsetmarka. På grunn av klage kom saka opp til ny politisk behandling 17. februar. Det betyr at kommune følgjer opp kravet få Fylkesmannen om at det er gjort ulovleg bygging etter plan- og bygningslova.

Familiebedrifta Norsk Kvalitetsmat har tredobla omsettinga dei tre siste åra midten av månaden lanserte dei ei rekkje fiskematprodukt under det nye merket Dagens Fangst. Med tre ferske bronsemedaljar for fiskekaker og lunsjkaker under smaksmessa på Lillestrøm i bagasjen var det ein godt opplagt dagleg leiar var Næss som kunne presentere nyheten i bedriftslokalene, dei gamle meierilokala, i Rindal. Saman med det nye merket, som skal ut til daglegvareforretningar over heile landet, vart også bedriftas nye nettside lansert.

Til venstre: Seinare støtta Norsk Kvalitetsmat og Ivar Næss Rune Gjeldnes og hans ekspedisjon til Nordpolen - som ikkje vart noikon stor suksess.

- Upresist om ”eldremilliard”, meinte ordførar John Ole Aspli og regjeringa fekk skulda for forvirring med sin kommunikasjon om julegaven til kommune-Norge. – Det er problematisk når pengane blir kalla ein eldremilliard, når det er vi i kommunane som skal vurdere kvar vi treng dei mest. For Rindal kommune sin del er ikkje det i eldreomsorga, for der ligg vi godt an, sa Aspli. Rindal fekk tildelt 567 000 kroner - pleie- og omsorg fekk 283 500 av dette, mens like mykje gjekk til andre formål.

Bonde Polaris Zoza frå Litauen retta ein takk til Stig Tørset og andre norske bønder som gav bort gammelt landbuksutstyr til trengande bønder i Litauen. Ein vennskapsaksjon vart starta i midten av månaden og der kom det med ein gong inn ein god del brukt utstyr. Tine gav mjølketankar, bønder stilte med mjølkeanlegg og ein gardbrukar stilte lagerlokale til disposisjon. I mars vil fleire møkktankar, møkkpumper og heile 19 rørmjølkanlegg sendast frå Rindal til Litauen.

Vibo Entreprenør (til høgre) fekk sin nest største kontrakt, da dei vant anbodsrunden på Halsa 1.-10. skole, der det bygningsmessige er kostnadsrekna til 55 millionar kroner. – Vi er stolte av å få dette oppdraget, noko som viser at vi er konkurransedyktige både lokalt og på landsbasis, sa leiar entreprenør Birger Løfald. Ordførar John Ole Aspli stakk innom og gratulerte. Også Kjells VVS vant anbodsrunden og skal være med på oppdraget. Den største ordren dei har vore med på. Det same skulle Tørset Malerservice.

Regnskapet for Rindal kommune viste eit godt økonomisk resultat for 2010. – Det var spesielt gledeleg at dette skjer i år, sa rådmann Bjarne Nordlund. Kommunen gjekk 5,7 millionar kroner i pluss i fjor.

Han var berre ein tilfeldighet unna å bli bonde i Rindal. I staden starta han butikk i ein låve og er no leiar i den største kjøpesenterkjeda i landet. I slutten av februar hadde han sterke meiningar om landbruket, der han etterlyste sprudling. Lars Løseth var ein av foredragshaldarane da Surnadal Sparebank arrangerte landbruksdag med 80 deltakarar. For dei røpa Lars ei heilt ukjent historie:
– Eg er halvt rindaling, med ein oldefar frå Børset. Der var det 13 barn og 13 gardar, altså ein til kvar. Dei dreiv også sagbruk på Follerø i Surnadal, med pant i alle gardane. Da sagbruket sleit økonomisk sto derfor mykje på spel. Midt oppe i dette vart det kluss i vekslinga og ein av dei 13 måtte ha to gardar. Dermed vart det ingen gard på bestemor og derfor heller ikkje på far, som var eldst, og dermed heller ikkje på meg som også ville fått odel. Men det var altså nære på at eg vart bonde i Rindal, sa Løseth.
Deretter kom kremmaren med si klare oppfatningar av landbruket som næring:
* God arbeidsmoral.
* Begrensa omstillingsevne og lite kreativitet.
* Sterkt fellesskap og stor lojalitet.
* Lite rom for ”avvikarar”.
* Lite konkurranse og sterke organisasjonar.
* Samarbeidsorgana som lukka forum, nesten som losjer.
* Begrensa kontakt med det øvrige næringsliv.
* Aktørar omtalar ofte eiga næring negativt.
– Var eg stygge med dere no? spurte han etterpå.

Kommunane Rindal, Halsa og Surnadal vil lokke til seg ungdom gjennom mingling på hotell Britannie. Onsdag 30. mars er dagen ungdom i Trondheim skal få augene opp for Nordmøre for andre året på rad. I fjor var Dokkhuset arena. Middelet er foredrag, underhaldning og mingling. Ordførarane i dei tre kommunane skal vera med, saman med ei rekkje innleiarar frå næringslivet i dei tre kommunane. Inga Dalsegg skal vera konferansier og ungdomskonsulent Åse Børset skulle halda foredrag.

Setergrenda Vålåskaret ligg i Meldal kommune, ikkje langt frå kommunegrensa mot Rindal og fylkesgrensa mot Møre og Romsdal. No er det lagt ned store ressursar for å ta vare på dei gamle tømmerbygningane. Medal historielag fekk freda setergrenda Vålåskaret på 1960-talet. Samtidig gjorde dei tiltak for å stoppe råteangrep på tømmeret, blant anna med å legge eternittpalter på taktroa, før dei la torva på igjen. Taket er tett den dag i dag. Vålåskaret var det første seteranlegget som vart freda i Norge. Bygningane er anlagt i såkalla rekkjetun der våningshus og uthusbygningar er lagt i samanhengande rekkjer med gater i mellom. Det fins svært få eksempel på slike rekkjetun i trøndersk byggeskikk. Det meste av bygningsmassen i Vålåskaret står i dag som opprinneleg. Bygningane er stort sett eigd av rindalingar og no er det sett i gang kurs i gammel byggeskikk for å ta vare på den verna setergrenda.

I vinterferien vart det igjen arrangert LAN i Rindalshuset. 60 ungdommar var påmeldt og det sto på fra 28. februar til 2. mars. – Ungdommane søv stort sett ikkje første natta. Derfor var det bra det var vinterferie, så dei fekk kvile ut etterpå, sa ungdomssekretær Åse Børset.

I 1952 tok Mikal Kirkholt olympisk sølv omtrent der Petter Northug og Marit Bjørgen kjempar om VM-medaljer. Det har skjedd ein del med langrennssporten sidan den gongen, men 90-åringen hadde klokketru på norske gull i VM-løypene. Mikal er den eineste gjenlevende fra stafettlaget som gikk Norge inn til sølv under OL i Oslo i 1952. Den dag i dag skriv han autografar til folk frå heile den skiinteresserte verda.

Ola T. Heggem, statssekretær i Landbruks- og Matdepartementet, toppa lista til Rindal Sp før haustens kommunevalg. – Eg har sagt ja til å stå på lista til eit parti som ønsker seg attende i posisjon. Eg vil være med å fronte partiet, og er ydmyk i forhold til min rolle som ordførarkandidat, sa han og fekk med seg Berit Storholt Flåtten på andreplass.

John Ole Aspli, i dag ordførar, toppa Ap-lista, med Katja E. Røen (over til venstre) på andreplass. Dermed gjekk det mot ein spennande valgthriller i Rindal. Og Aspli hadde ikkje tenkt å gje frå seg ordførarklubba i Rindal utan kamp. Han både håpa og trudde på fire nye år.

Styret ved MørTre vurderte å legge ned saga i Surnadal. Bakgrunnen var lite tilgang på tømmer.

156 gikk Nordmarksrunden i Surnadal og tre juniorer fra Rindals-Troll kom, først i mål. Hallvard Løfald vann føre Lars Bakken Røen og Gjermund Løfald.

 

Tips en venn Skriv ut