Ola Borten Moe og ungdomene_1024x681

Nyhetskavalkade Rindal 2011 - august

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal i ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 1. januar 2012. I dag er det mai 2011 i kavalkaden for Rindal og Olje- og Energiminister Ola Borten Moe var på rindalsbesøk, der han møtte Sp-ungdommen!

Statsråd Ola Borten Moe på rindalsbesøk, der han møtte Sp-ungdommen - Stein Gunnar Rønningsbakk, Berit Storholt Flåtten og Ingunn Tørset.

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

AUGUST
Det er ikkje meir enn eit år til Hallvard Løfald tek steget opp i den tøffe seniorklassen. Han har alt starta å førebu den prosessen. Hallvard gjekk saman med Eldar Rønning, Dario Cologna og verdas beste seniorløparar under distanserennet i Toppidrettsveka i Aure. Han vart nummer 55 og tykte ikkje det var avskrekkande.

Maria og Ingolf Røen viste fram sin flotte hage i midten av månaden. Åpne hager i Surnadal, Rindal og Todal ønska velkommen. Til Rindal kom over 20 personar som fekk omvisning av vertskapet. Noko av utvalget var roser, margeritter, astilbe, hosta, cosmos, hortensia, keisarkrone og rododendron, forutan villvin, einer, kjeglegran, hagtorn, furu og gran i mange variantar.

Rindal vil tape 4,5 millionar kroner på synkande elevtal dei neste fire åra. Det kan tvinge fram ei vurdering av skulestrukturen. Da er det ikkje anna alternativ enn å legge ned Øvre Rindal skole. – Inntektene i form av rammeoverføringar blir betydeleg redusert når elevtalet går ned. Skal vi oppretthalde skulestrukturen, må vi hente pengar andre stader frå. Vi blir nødt til å sjå på skulestrukturen om vi ikkje får snudd elevtalsutviklinga, sa ordførar John Ole Aspli.

Kommunen gav ei krone per innbyggar, tilsaman 2100 kroner, til dei som var ramma av hungersnauda på Afrikas horn.

To fiskevetaranar ropa eit siste varsku for Surna. Dei ga laksen i Surna få år, Ola Tellesbø og Ingebrigt Grimsmo. Om ikkje nødvendige tiltak blir sett i gang tvert. – No hastar det. Laksestammen er farleg nær ein total kollaps, sa dei.

Ola T. Heggem (Sp) (over til høgre) kjem tvert om han blir valgt til ordførar i Rindal. Da sluttar han som statssekretær på dagen. Han utforda sittande ordførar John Ole Aspli (Ap) ved kommunevalget.

Rindal AUF med Jo Trønsdal Bævre og Aksel Eide (over til venstre) i spissen arrangerte minnekonsert ved Igltjønna etter tragedien i regjeringskvartalet i Oslo og på Utøya. Same dag som den nasjonale minnemarkeringa fann stad, samlast rindalingane ved scena på Tjønna. – Ei minnemarkering med mest fokus på musikk, sa Jo Trønsdal Bævre. Blant artistane som stilte opp var Liv Ingrid Nordlund, Daniel Bjørlo, Karstein Mauset og Håkon Fredriksen fra Perikom, Lone Lorgen og Jo Sverre Sande og Olav Nergård Tørset frå Swiks. Over 100 møtte opp i regnveret for å høre dei mange lokale artistane. – I dag er det den offisielle sørgeperiodens siste dag. Livet må gå vidare. Konserten er arrangert for å gje oss positive kjensler i tida framover. Vi må ha positiv vinkling for å kome vidare, sa AUF-leiar Jo Trønsdal Bævre.

Rindal auka folketalet igjen i andre kvartal. Sidan sist vart vi 19 fleire og per 1. juli 2011 hadde Rindal 2079 innbyggarar. – Motiverande for oss som heile tida arbeider for å gjera Rindal til ein enda betre kommune å bu i, sa ordførar John Ole Aspli (over til venstre). Samtidig sleit kommunen med eit alt for høgt driftsnivå og jobba hardt for å få ei økonomiplan i balanse. Slik kan ein bli nødt til å sjå på skulestrukturen og da er det ikkje anna alternativ enn å legge ned Øvre Rindal skule. Men i første omgang vart ostehøvelen bruka, der fomannskap og kommunestyre gjekk inn for ei innsparing på 1 prosent over heile fjøla, samt bruk av fond. Det ville redde rindalsbudsjettet dei første åra framover.

Før valgkampen starta for alvor kom Ola-boka til John Neergaard i ny utgave. Den bidrog sterkt til å legge grunnlaget for lokaldemokratiet i Norge. John Neergaard er formannskapslovas far. Ola-boka er på 32 små sider og vart utgitt første gong i 1830.

Etter 21. august – da den siste store minnekonserten på direkte TV var unnagjort, starta valgkampen for fullt. Sittande ordførar John Ole Aspli (Ap) skulle få har kamp om posisjonen frå Ola T. Heggem (Sp). Dei var stort sett einige om framtidige mål for kommunen, men hadde noko ulikt syn på vegen fram. KrF ville samarbeide med dei andre partia frå sak til sak og for dei var Rindal Vest den viktigaste satsinga. Elsa Jensvold (over til høgre) toppa lista. Høgre ville bygge gangbru over elva ved Sunna. Ola Bakken (til venstre saman med Tove Flåtten, som kom inn i kommunestyret for KrF) toppa deira liste.

Statsråd Ola Borten Moe (Sp) i Olje- og Energidepartementet gjesta Rindal laurdag 20. august, med besøk på Nybø, sentrum, T-Komponent og Saga Trollheimen Hotell. – Engasjer dere for å påvirke, oppfordra statsråden. Øverst ser du statsråden i møte med Sp-ungdommen i Rindal.

Thomas Holm, Rindals-Troll, var raskast i Knyken Rundt i Orkdal i slutten av månaden. Knyken Rundt vart arrangert for 31. gong.

Swiks spilte konsert ved utestedet Familien, der de framførte nytt mateiale Trondheimsbandet  Accordion To varma opp for rindalsbandet.