bekk sterke krefter_1024x680

Nyhetskavalkade Rindal 2011 - april

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal i ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 1. januar 2012. I dag er det april 2011 i kavalkaden for Rindal og isproppen i Surna gikk opp og la igjen stygge herjinger.

 

 

 

APRIL
Isproppen i Surna i området Børset Aune (over etter at den hadde gått opp) gjorde at fleire eigedomar var ille ute. Et møte mellom NVE, Statnett, kommunen og grunneigarane førte ikkje fram til anna enn enighet om å sette på gravemaskin for å tette brudd i elvaforbygginga. Å fjerne den kilometerlange isproppen vart sett på som nærast umuleg, omfattande og risikabelt.

Trondheimstreffet – blinordmoring.no – vart ein suksess med mellom 70 og 80 frammøtte på Britannia i Trondheim i tillegg til arrangørar og stand. – Målet var å så eit lite frø av heimlengsel, som kan spire om nokre år, sa ordførarane i dei tre kommunane – Mons Otnes (Surnadal), John Ole Aspli (Rindal), og Ola Rognskog (Halsa).

Rindalingen Turid Røen Kroknes (til venstre) vart spurt om å spele Fru Guri av Edøy og takka ja med ein gong. – Den tanken hadde eg ikkje tenkt i det heile tatt. Men no er eg altså her og det skal bli storveies, sa ho. – I mine auge er Turid Fru Guri av Edøy, sa regissør Ronald Rørvik.

Øvre Rindal kapell (over til høgre) fylte 100 år i 2011 og skulle feirast gjennom heile året. Jubileumsfeiringa starta 9. april med konsert med Skrult. Neste arrangement var 1. mai. Den store jubileumshelga var 26. – 28. august med jubileumsgudstjeneste, der prost Gerd Anne Aarseth, biskop Ingeborg Nordtømme og tidlegare prestar i Rindal var tilstades. – Da heidra vi og mangeårig medhjelpar Eli Røen, kunne sokneprest Lene Gåsvatn røpe.

Jorid Skjølsvold (17) dekorerte klasserommet ved Meldal videregående skule med portrett av alle i klassen. Det gav henne toppkarakter. Jorid gjekk andreåret ved medier og kommunikasjon i Meldal. Den spennande ideen om ein dekorativ portrettvegg fekk ho da klassen skulle ha prosjekt.

Mellomtrinnet ved Rindal skule kjørte eit prosjekt med Knutsen & Ludvigsen første veka i april. Dette enda med to forestillingar i Rindalshuset som fekk mykje skryt – eit fint samarbeidsprosjekt mellom skule, kulturskule og mange elevar.

Skisseprosjektet av det nye skimuseet, frå arkitektane Pir II og Inger Anne Landsem, vart lagt fram i midten av månaden. På grunn av mykje snø tidlegare i år, er ikkje alle berekningane i Heggemsfjøset fedig. Ordførar John Ole Aspli, saman med kulturkonsulent Morten Møller og avdelingsleiar Kari-Elin Bolme Løfaldli ved Rindal bygdemuseum presenterte det ferdige skisseprosjektet. – Vi kjem i gang med å grave og støype fundament til hausten. Sjølve fjøset skal etter planen rivast neste vår, og da må grunnmuren stå ferdig, sa ordføraren. Skissa vise eit bygg på nærare 60 meter. Men slik vart ikkje framdrifta. Spaden blir ikkje sett i jorda før i 2012. Over til høgre ser du kjøkkengjengen saman med styreleiar Anne Skjølsvold under da indal bygdemuseum åpna sesongen i sommar.

Rindalshytter har lafta tradisjonshytter i tømmer sidan 60-talet. Men no skal hyttene vera enklare, åpnare og ha gjennomlys. Nyheitene er meir funkis enn laft. – Vi må utfordre dei nye hyttekjøparane med nye løysingar, sa Steinar Skjerdingstad, dagleg leiar ved Rindalshytter. Nyleg lanserte Rindalshytter ny hyttekatalog. Her var det mykje som var uvanleg kost. – Salget har stort sett vore laftehytter, men no ser vi at markedet har endra seg. Derfor har vi, i samarbeid med arkitektar og designere, fått laga heilt nye typar hytter. Desse hyttene, som Lysthus (til høgre) og Retro, er heilt klart ei fornying av dei tradisjonelle rindalshyttene, sa Skjerdingstad. For han la ikkje skjul på at han er ein av dei som likar den nye hyttestilen. – Lysthus er mi drømmehytte, dette er da Norges desidert finaste hytte, spurte han.

Rindal Opplæringskontor og Indre Nordmøre Opplæringskontor feira 20 årsjubileum i Surnadal Kulturhus 14. april. Etter årsmøtet var det historisk tilbakeblikk ved Helene Marie Nergård og fokus på dagens utfordringar. Kontoret vart starta i Rindal med namnet Rindal Opplæringskontor. I 2004 vart dette lagt ned og Indre Nordmøre Opplæringskontor vart starta med kommunane Halsa, Rindal og Surnadal.

Rindalingen Lene Landsem får ansvar for dei 135 ambassadane i Norge, når ho startar i ny jobb i Utenriksdepartementet 1. august. Lene har budd på Orkanger dei siste 16 åra og går frå stillinga som avdelingsdirektør ved Nidaros Domkikes Restaureringsarbeider, med ansvar for restaurering og bevaring av Nidarosdomen og Erkebispegården i Trondheim. – Skulle eg gjere noko anna enn å bu i Trøndelag, så måtte det bli no. Eg har tvillingar som blir 20 år og som skal reise ut for å studere. Dette såg ut som ein kjempespennande jobb, så da måtte eg gripe sjansen, sa ho.

Siste dag i månaden vart årets Sildballfestival arrangert. 230 åt ball og mange hadde nok utandørs syslar denne fine vårdagen i Rindal. Rekorden frå i fjor heldt altså – da var det 300 som åt sildball. Dagen fortsette med saftig språk, fyndord og nordmørsslått servert av Tor Erik Jenstad, som hadde med seg Unni Ulltveit på blokkfløyte. Men i sildballeting er det berre ein mester i Rindal. Per Bakk var suveren igjen og vant med å sette til livs eit halvt kilo ball med tilbehør på eit minutt og 21 sekund. Slå den! Under alle kappetarane:

 

 

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.