Ingrid Jense_1024x885

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - november

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag er det november og Jense planla adventskonsert i Rindal kirke til inntekt for demensforeninga.

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadene ligge nyhetssida deira. Du finner alle månedene i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

I dag er det november sin tur:
NOVEMBER 2010
- Her må alle med i innsparingsdugnaden, sa rådmann Bjarne Nordlund (til venstre). Da han la fram sitt første forslag til budsjett mangla det heile 4,3 millionar kroner for å få budsjettet på plass. – Heile kommunmedrifta blir ramma. Vi må kutte litt over alt, nokre plassar vil det bli til dels store kutt, sa han. Nedlegging av kinoen og betaling for alle i Rindalshuset var berre to av tiltaka som vart lagt fram. – Krevande, men ikkje umuleg, sa ordførar John Ole Aspli seinare i månaden og kinoen fortsette og det vart framleis gratis for ungane i Rindalshuset.

Styringsgruppa for skimuseet i Rindal valgte arkitektane attom Rochheim til å bygge skimuseet i Rindal. Arkitektfirmaet Pir II AS, med rindalingen Inger Anne Landsem (til høyre)  i spissen, vart tildelt kontrakten som sikrar firmaet  jobben med å gjera museum av eit fjøs i Rindal. Skimuseet skal byggast på Igltjønnhaugen ved Rindal bygdemuseum, i Heggemsfjøset frå 1718. Dei eldste delane av fjøset er frå 1600-talet og fjøset skal flyttast til bygdemuseet i løpet av 2011.

Pelsdyroppdrettar Arnfinn Eriksen var blant dei som hadde besøk av dyrevernarar i sommar og haust. Han hadde ingen problem med å stå inne for bilda som vart vist på NRK om elendige forhold for dyra i farmane. – Eg har god samvittighet for det som er vist, sa han og meinte dei ved filminga frå utsida berre skremde dyra med noko dei ikkje er vant til. Samtidig vil han dei useriøse pelsdyroppdrettarane til livs. Arnfinn Eriksen innrømmet at skader forekjem også på hans dyr, men seier han behandlar dei. Han ønsker hyppigare og fleire uanmeldte tilsyn.

Under norgescuphelga sist vinter vart det ikkje gått ein einaste meter konkurranse på ski. No vil IK Rindals-Troll og Surnadal IL gjera eit nytt forsøk. Dei gjer seg klar til å ta i mot rundt 200 seniorar under ei norgescuphelg i januar. – Vi fekk ingen negativ omtale sjøl om det ikkje vart renn fjor. Vi fekk berre skryt for opplegget og løypene. Skiforbundet meinte at dette på fleire måtar var eit av dei beste renna som vart gjennomført sist sesong, sa rennleiar Harald Solvik, som jobba iherdig mot eit nytt arrangement.

Rindal kommune vart kåra til årets kommune i Møre og Romsdal for godt arbeid i landbruksforvaltninga. Den gode jobben som kontrollfunksjon for tilskottsordningane og innsatsen for å halde mjølkeproduksjonen oppe vart understreka av Fylkesmannen. – Dette var veldig artig! Vi føler vi gjer ein god jobb, men ein forventar ikkje slikt, sa ein overraska jordbrukssjef Bjarne Lund.

Politikarane i Surnadal ville invitere med rindalinganei ei utredningsprosess om muleg kommunesamanslåing. Svaret var nei! – Det er uaktuelt for Rindal å gå inn i ein slik prosess no, sa ordførar John Ole Aspli.

I starten av november inntok 80-talet Bulldozerlaget og Saga Trollheimen hotell. Kor Gøttj (over til venstre) trakk fullsett sal, da dei mimra attende. Kristin Merete Fosseide og Randi Holte var suverene konferansierar og tok alle med attende til høgrebølge, jappetid, Trolls damelag gjennom lånte avisutklipp. Saman med husgruppa Gauar sørga Kor Gøttj for den musikalske 80-talsstemninga og lot det svinge av 80-talet.

Meldal og Rindal fekk ei samtalegruppe brystkreftramma etter initiativ frå kreftsjukepleiar Berit Drugli Blokkum i Meldal. Ho drog med seg Ragna Nordvik i Rindal. Ein meinte det var viktig å kome saman og dele erfaringar.

Fleire gjekk ut og meinte skimuseet i Rindal var ei feilprioritering – blant anna Erling Vangen og Arild Haugen i tillegg til dei fem damene som tok initiativ til underskriftslister. Dei fekk motbør: - Toget har gått, sa Hanne Tove Nerbu Baalsrud og teikningane frå Piir II viste eit framtidsretta kulturminne og Rindal bygdemuseum vil stå fram som eit komplett Nordmørsk tun, sa arkitekt Inger Anne Landsem. Rådmann Bjarne Nordlund gjekk også ut og meinte skimuseet var økonomisk gjennomførbart: - Vi set ikkje økonomien på spel gjennom å bygge skimuseum. Til det er beløpa for små, sa han. Likevel fann ordføraren det nødvendig å legge saka med underskriftslister og motbør fram for kommunestyret igjen. Der vart alle motstand avvist med 13 mot 4 stemmer og prosjektet ved bygdemuseet fortset. Mange sa etterpå at dette også avspeglar meiningane blant folk i Rindal.

Kjell Eriksen og Elin Landsem bygde seg hus på ein dag etter at dei kjøpte element frå Kvatro i Røtet i Surnadal og fekk Rindals-Tre til å sette det opp på Bjerkan i Bjergen.

Eit bustadhus ved Sunna (til høgre) vart totalskadd i brann i midten av månaden. Både brannvesen, politi og ambulanse rykka ut. To personar budde i huset, men var ikkje heime da brannen starta.

Med nærare 50 utstillartar vart det ei rekordmesse, da det vart invitert til Rindalsmessa 2010. Først var den flytta frå Torshall til Rindalshuset, der ein også måtte seie nei til fleire utstillarar. – Vi er kjempefornøgde. Det har våre stappfullt her i heile dag, med lange køar og bra salg, sa ein av initiativtakarane, Wenche Bergmann. Ei julemesse med alt… og populært med ”made in Rindal”, var blant overskriftene i avisene.

Jens Einar ”Jense” Indergård trødde til og samla mange ulike musikkrefter til ein adventskonsertt i Rindal kirke 4. desember. Inntektene skulle gå til demensforeninga i Rindal og Kåre Bjørkøy, Toril Moe, Liv Ingrid Nordlund og Karstein Mauset sa ja, saman med musikarane Daniel Bjørlo, Pål Sande, Olav Nergård Tørset, Jo Ranheim og Dagrun Løset. Under til venstre ser du frå konserten i Rindal kirke med Toril Moe og Kåre Bjørkøy. Heilt nederst syng Kåre Bjørkøy O helga natt på TP TV.

15. november feira Trollheimsporten 10 år med eiga jubileumsside og stor framgang i løpet av siste år. Det vart peika på dugnadsånd og pågangsmot som dei viktigaste faktorane for å nå ti år.

Kommunane Orkdal, Meldal, Rindal, Halsa og Surnadal jobba saman om ei organisering og finansiering av eit prosjektarbeid rundt fylkesveg 65. Begge fylkeskommunane er også med, samt Statens vegvesen. No skulle samarbeidet konkretiserast med å etablere ei styringsgruppe for å arbeide målretta med å få fylkesveg 65 utbetra. Kommunane skulle bevilge 50 000 kroner kvar til dette prosjektarbeidet og fylkeskommunane vart utfordra til å gjere det same. Halsa rota det litt til og sa nei først, men ja litt seinare.

Med ny grafisk profil, ny hyttekolleksjon og mottoet ”Vi bygger drømmer”, vil Rindalshytter famne fleire. – Vi har laga ein ny profil for å bli mkeir markedsorientert. Vi vil få fleire hytter ut til fleire kundar og bli meir synlege, sa leiar Steinar Skjerdingstad for hytteprodusenten Rindalshytter AS.

Rindal Frp vart etablert. – På høg tid, meinte Roger Holte, som vart valgt til ny leiar i partiet. Han har vore Frp-kar i 20 år. Han meinte det var viktig å trekkje opp saker som motstand mot skimuseum, ny fotballbane, skutertrasear og eldreomsorg. Forutan Roger Holte fekk styret slik samansetting: Georg Lorgen (nestleiar), Terje Børset (kasserar), Romund Bakken (sekretær) og Morten Løset (studieleiar). Vara til styre er Tor Negaard.

Rindal kommune samarbeider både mot nord og mot sør. – Arbeidssamt, men nødvendig sa ordførar John Ole Aspli. – Vi har naturleg og nødvendig samarbeid både med Orkdal og Nordmøre, la han til.

Noko av det mest krevande i budsjettet var innsparing av 100 000 kroner i leksehjelpotilbudet ved Rindal skole. – Da greier vi ikkje å halde det pedagogiske tilbodet, sa rektor Hilde Patterson.

 

KåreBbjørkøy i O helga natt