P6304604_1024x768_cropped_737x581

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - juli

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag er det juli og 390 optimistar var samla til Optimistkonferanse i Rindalshuset.

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadene ligge nyhetssida deira. Du finner alle månedene i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

Her kommer dagens kavalkade:
JULI
390 optimistar og stor jubel og latter på Optimistkonferansen. Alvor og latter avløyste kvarandre til Alex Rosen overtok. Da vart det ellevill jubel. – Vi vaknar alle sengeliggande om morgonen. Da har vi alle valget. Skal det bli ein god dag eller ein dårleg dag. Vi avgjer sjøl, sa Marvin Wiseth. Formann Lornts Mørkved i Norsk Toillingforbund følgde opp. Han motbeviste at avstand er noko problem og viste til Norsk Revyfestival på Høylandet. Konferansier Arild Hoksnes snakka med fire utflytta rindalinger, fire kvinner: Eli Landsem (landslagstrenar), Randi Opøien (plattformsjef på Bravoplattformen) og kunstnarane Anne Kvam og Jorunn Marie Kvam. Alex Rosen var sistemann ut – umuleg å beskrive – må opplevast. – Klin tel, Rindal! Sa han og avslutta Optimistkonferansen med eit smell.
Motivasjonsprisen gjekk i år til A. Kvam AS – 25 000 kroner til velferdstiltak – vel fortjent. – Vi gjer det meste. Alt er muleg, sa dagleg leiar Ingrid Kvam da ho tok i mot prisen hylla av Alex Rosen.

Dei lokale ordførarane – John Ole Aspli (Rindal) og Mons Otnes (Surnadal) – sakna den politiske leiinga i Møre og Romsdal på viktige møte om samferdsel. – Berre tøv, parerte Frank Sve (Frp) leiar i samferdselsutvalet. – Og dette er andre gongen på kort tid at den politiske leiinga i vårt fylke ikkje stiller, mens Sør-Trøndelag igjen stiller med leiaren i sitt tilsvarande utval, sa ein fortørna Mons Otnes (Ap).

Rindal bygdemuseum arrangerte dag med tradisjonsmat under Kulturvøkku og 120 stakk innom for å ete hyllkake, saupsupe, sildsupe, dravle, synnlauping, byggmjølsgraut, rømmegraut og mykje anna. Det var matgruppa i veneforeninga til bygdemuseet som hadde slått seg laus.

Under Torgdagen (til høyre) hadde rindalingane tid til å leve og tid til å leike med mange stand, loppemarked, hesteriding, motorsykkelkjøring, energikamp, utstilling, bamsesykehus og sykkelritt. 23 syklistar deltok i ”Tour de Rindal” (Furuhaugmarkrittet) – Hallvor Drøpping vant. Kvelden før hadde Toril Moe og Jo Ranheim gjennomført en romantisk konsert på bygdemuseet – og endeleg smilte sommaren i Rindal.

I St. Olavsloppet stilte igjen IK Rindals-Troll med fire lag og både første- og andrelaget gjorde det skarpt. Til slutt ble det tredjeplass etter Skogn og Namdal i år. Rindals-Troll var 16 minutt etter Skogn, mens andrelaget vart sist i eliteklassen - to timar og tjuefem minutt etter. Tredjelaget vart til slutt nummert 60, mens fjerdelaget ”koffetlaget*” hadde som målsetting å ikkje kome blant dei hundre beste. Det greidde dei med glans – ein 122. plass let seg høyre.

Så var det Småtrolluke for 26. året på rad med 235 deltakarar. Og mange kjem att år etter år. Kvifor det? – Fordi det er artig, så klart! Vart det svart. Kino, minitriatlon, forballgolf og fotballturnering, bading i Tjønna pluss turdag og dramagruppe. Småtrolluka er allsidig. Andreas Morisbakk – fotballguru i NFF – instruerte instruktørane for andre året på rad og småtrollsjef Harald Solvik tykte det var triveleg at etter ti år som deltakar vart mange instruktørar i åra etterpå.

Sjøl om Rune Tiset i NMK Surnadal og Rindal kjørte bilcross mest for moro skuld, prøvde han å kvalifisere seg til landsfinalen da klubben arrangerte på heimebane i Trollheim Motorsenter – eit tradisjonelt arrangement som i gamle dagar samla over 1000 tilskuarar. Ein trufast gjest var speaker Kjell T. Olsen, som har vore i Rindal på bilcross nærare 40 gong. Rune Tiset vart nummer 38. Bestemann lokalt vart Ola Løkken med niandeplass. Per Arne Tangvik, NMK Melhus, vant.

Kulturvøkku vart avslutta tunmesse, bilcross, Furuhaugmarkrittet og åpen kafé ved Rindal bygdemuseum.

- Konfliktnivået i utmarka er for høg, meinte statssekretær Ola T. Heggem i Mat- og Landbruksdepartementet. – Det hastar med å få tatt nye grep som kan redusere dette konfliktnivået. Nå er de viktig å ta grep som kan betre situasjonen over heile landet, sa han.

I Surna tegna laksefisket til å bli fantastisk. Halvvegs – i midten av juli – hadde fiskarane i Surna fått meir laks enn det som vart tatt i heile fjor. Tommy Gullhaugen (under) tok en av de største allerede første dag i Burshølen ved Bolme pensjonat. Den vog mellom 14 og 15 kilo – ein stor Surnalaks det!

Rindal bygdemuseum hadde fleire utstillingar i år – blant anna den første ordføraren i bygda, Lars Olson Løseth frå Ner-Løset, Tore urmakar med over 300 urmakargjenstandar og 76 ulike forklær. Elles vart det gjennomført tre quizkveldar og museet fikk nytt kjøkken ved Bjørnåsstuggu (til venstre) med innlagt straum og vatn.

Den gamle Autoverkstaden i Rindal sentrum skal i følgje planene for Rindal Vest gjenoppstå som eit fleirbrukshus heilt fritt for bæreveggar. Det vil bli på 800 kvadratmeter og skal altså byggast på stolpar. – Hovudtanken er at bygget skal kunne leve etter dei behova som oppstår, veggane skal enkelt kunne flyttast, sa leiar for prosjektet Rindal Vest, Steinar Hovlandsvåg.

Sju fiskevatn ligg som perler på ei snor gjennom furuhaugfmarka. Skogsbilvegen gjennom marka gjerd esse tilgjengelege for alle, og eit av vatna har til og med atkomst for rullestolbrukarar. Gapahuken ved Storvatnet vart bygd i 2005 av turstrigruppa i IK Rindals-Troll og IL Rindøl. Dei andre vatna er Setertjønna, Stangavatnet, Larsslettjønna, Djupvatnet, Sagtjønna, Furuhaugvatnet (eller Litjvatnet).