Lars Hol Moholdt jan 10

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - januar

Årets nyhetskavalkade for Rindal på Trollheimsporten er henta fra "Rindal ord i bilde", som er å å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil en egen nyhetskavalkade komme hver dag. Begge kavalkadene kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kommer nyhetene for en måned hver dag fram til 2. januar 2011. I dag starter vi naturligvis med januar og Lars Hol Moholdt tok NM-gull og Kongepokal:

Rindal Heimbygdlag er medlemmer av Trollheimsporten med informasjonsside og du finn heile denne kavalkaden i deira årsskift for i år. Vidare legg vi kavalkaden ut kvar dag på deira nyhetsside her - som du finn på informasjonssida til Rindal Heimbygdlag.

Klikk på Kavalkade under På Porten på Hovedsida og du finner alle månedene etter hvert som de kommer - ikke så mange enda da!

JANUAR 2010
Surnadal IL og IK Rindals-Troll samarbeidet om å arrangere norgescup for juniorar på Nordmarka skisenter i Surnadal. Kulda la seg som ei streng, klam hand over distriktet i januar og alle renn måtte avlysast. Like greit for rindalingane som vart sjuke etter å ha testa løypene i Nordmarka. Berre Jo Trønsdal Bævre var klar til start blant dei fem påmeldte. Dermed fraus overskuddet bort. Og det skulle mot til å avlyse renn tre dagar på rad. – Ingen skal kunne kritisere oss. Vi følgde reglementet, sa medlem av juryen, Harald Solvik, etterpå. Da viste det seg at arrangementet gjekk med overskudd – 60 000 kroner til fordeling mellom Surnadal IL og IK Rindals-Troll. Dei viktigaste elementa her var at arrangørane fekk behalde 50 prosent av startkontingenten, samt at dei hadde sponsorinntekter og leieinntekter på smøretelt.

Korleis er situasjonen i sirkulasjonen din? Både Rindal og Orkdal har fått sine egne Tiuna-massører. Geir Arne Landrø og Olav Neegaard har begge gått på Norsk skule for tradisjonell kinesisk medisin på Stjørdal og begge har oppretta sine eigne klinikkar i RindalsTorget og Orkdalsvegen. I påska var Olav til Mexico for å lære meir.

Lars Hol Moholdt (til venstre) tok dobbelt NM-gull i stafett for Wing og langdistanse i Trysil. Førsteplassen individuelt ga også kongepokal. Da verdenscupen i skiorientering åpna med mellomdistanse i St. Petersburg i midten av månaden var Lars igjen med i toppen og sikra seg ein femteplass og vart med det beste nordmann. Han befesta plassen i verdenstoppen med å ta femteplass også på langdistansen, mens det vart fjerdeplass for Norge på sprintstafetten og 14. plass på sprinten.

The Swiks (nederst) spelte to veker med Rikskonsertane på ungdomsskular i Trøndelag. No sto skulane i Trondheim by for tur.

Bodil Korshamn, gründer og leiar av Ullkorga, starta ny verksemd i Stryn med de nye produktet Babyboard Tummy – eit lite møbel for barn frå nyfødt til 2-3-årsalderen. Den er tenkt som eit alternativ til dagens vippestolar og vil gje ei betre kroppsstilling. Samtidig var Ullkorga fullt oppegåande i Rindal med produksjon av tre ulike madrassar, puter, dyner og sengesett. I løpet av året var Ullkorga tilbake med produksjon i fjøset på Nygården igjen.

Haiti vart hardt ramma av uvær og ordførar John Ole Aspli gjekk ut og støtta nødhjelpsarbeidet med å gi 10 kroner per innbyggar. – Rindal er ein god plass å bo å leve på, og vi har rom for å dele av vår velstand, sa han.

Både Surnadal, Rindal og Halsa signnerte partnerskapsavtale med Surnadal vidaregåande skule, som faktisk gjorde de best av alle skular i fjor, dersom ein legg fullført-tala til grunn.

Morten Svinsås, Rindals-Troll, er ein stødig løpar i langrennssportet. 25-åringen var einsleg startande da NM vart innleia med sprintprolog i Stokke. Han vart nummer 96 av 104 startande. Etterpå håpa han snart det vart selskap i sporet.

Prix-butikken til Coop i Rindal er spesiell. Der har dei det meste og det er hytterindalingen som gjer at det kan førast eit slikt bredt varespekter. Måling og beis har vore salgsvaren som gjer at jarnavdelinga ved Coop Prix Rindal eksisterer. Det er ikkje sjølsagt. Den høge omsettinga på avdelinga gjer at dette nærast er ei gullgruve. – Samtidig er bygdefolket svært duktige til å handle lokalt, sa leiar Oddbjørn Grytbakk ved jarnavdelinga. Elin Solvik ved Bunnpris understreka at handelen frå hyttefolk kompenserer for handelslekkasjen ut frå Rindal og vel så det.

Bøndene i Surnadal opplevde i fjor store sauetap. Jerv var syndaren. Rindal tok gaupa meir enn dobbelt så mange sau som jerven i fjor. Naturvernforbundet klaga på for høg kvote i gaupejakta i Midt-Norge og fekk medhald i Direktoratet for Naturforvaltning. Sauebonde Ole Bjørn Grytbakk meinte gaupa bør takast ut der den er eit problem.

Giske kommune hadde bestilt ei undersøking frå Telemarksforsking om kva kommune som er mest vellykka. Kåringa var basert på det såkalla nærings-NM kombinert med ein attraktivitetsindeks. Rindal hamna øvst på lista i denne kåringa (til høgre ein godt fornøgd ordførar John Ole Aspli).