gunhildnettny_311789c

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - august

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag er det august og Gunhild Brønstad (15), Lomundal skyttarlag, slo til med femteplass i eldre rekrutt under Landsskytterstevnet på Elverum.

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadene ligge nyhetssida deira. Du finner alle månedene i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

Her kommer kavalkaden for august:
AUGUST
Gunhild Brønstad (15) (til venstre), Lomundal skyttarlag, slo til med femteplass i eldre rekrutt under Landsskytterstevnet på elverum. – Dette hadde eg ikkje drømt om, sa ho etterpå. Ho har skote i tre år. Med 250 poeng låg ho som nummer 30 og skaut i nest siste finalelag.

- Dokketeater for vaksne er svart humor, rå kontrastar, intense lydlandskap og styggvakre figurar. Slik forklara skuespelar og rindaling Per Arne Løset sitt kunstneriske uttrykk. Han lanserte sin første eigenproduksjon ”Hunger” (til høyre)i fjor, eit stykke basert litt på Knut Hamsuns Sult. Premieren var under åpninga av Hamsunsenteret, der Bodil Børset er sjef, 4. august i fjor. Til Rindal kom han 9. oktober – da hadde 8000 sett forestillinga i over 60 forestillingar.

Det var mange unge som deltok under Norsk Vandrefestivals nysgjerrigpertur rundt Tjønna. Dei fekk mange svar og opplevelsar av professor Kjell Ivar Flatberg, som trollbandt med sine livlege fortellingar. Og styreleiar Ragnhild Godal Tunheim i Norsk Vandrefestival var godt fornøgd med årets arrangement og var alt i gang med planlegginga for neste år. – Vi må bygge stein på stein, sa ho.

Pål Tore Sveen (under bilde av Rindal sentrum) flaug paraglider over Trollheimen som førstemann i august. – Eg har førebudd meg i 11 år – 40 km i luftlinje brukte han 2,5 timar på strekninga. Han prøvde også i fjor. Da landa han midt i fjellheimen og fekk ein 19 timars fotmarsj.

Rindalingane var ikkje skremt av ”monstermaster” som ville kome ved Trollheim kraftstasjon på Harang. Få var innom da Statnett la fram planene om ny kraftlinje mellom Åfjord og Trollheim transformatorstasjon.

Ordførar John Ole Aspli kunne glede seg over befolkningsvekst i Rindal. Ved utgangen av juni va det 2058 personar budde i Rindal. – Jippi! Eg registrerer med stor glede at vi er blitt 17 fleire rindalingar i løpet av første halvår, ein vekst som i prosent er minst på høgde med det byane opplever. Om dette held seg gjennom året, vil det vera første gong på mange år at vi har vekst i folketalet i Rindal, kommenterte han.

Rindalshuset gjekk nye vegar med sitt treff for unge førarar av trehjulssyklar og tretraktorar. I hallen var det kjørestiar og Berit Storholt Flåtten tykte det var triveleg med 36 deltakarar i prøvearrangementet.

I slutten av månaden kom årets snakkis i Rindal – Inga Dalsegg måla Marianne Aulie med rumpa bar og klovnenase (til venstre med Marianne Aulies karikatur av Inga). Samtidig kritiserte ho Aulie: - Ho er jenta som drømte om å bli ein stor og anerkjent kunstnar, men som endte opp som norsk klovn i New York, sa Inga og fekk all den oppmerksomhet ho trong føre kunstmessa oslo;art, der bildet av vart utstilt på Ingas stand. Neste år skal Inga sjøl stille ut i New York. Sjøl tykte Inga det berre var positivt med rumpereaksjonar og sa at det ikkje var snakk om promostunt frå hennar side.

Kommunen gjekk inn for at Trollheimen landskapsvernområde fekk sin eigen forvaltarstilling med kontorstad i Rindal. Samtidig meinte ordførar John Ole Aspli det var naturleg at vernestatusen til landskapsvernområdet vart endra til nasjonalpark: Trollheimen nasjonalpark. Miljøvernminister Heidi Sørensen lova etablering av nytt områdestyre for Trollheimen. Seinare gjekk fylkesutvalet i Møre og Romsdal inn for at Rindal fekk denne kontorstaden i ei innstilling til departementet.

Elin Vullum gav seg med Vullum design og Prosit Design og Kommuniukasjon tok over med Bente Groeggen (dagleg leiar) og Martine Kvam.

- Versågod, la dere inspirere! Sa professor ved NTNU Fredric Shetelig, da han saman med arkitekstudentar var på rindalsbesøk for å vise fram mulighetene med prosjektet Kul-Tur-Sti. Kommunen inngikk ein treårig samarbeidsavtale med Fakultetet for Arkitektur og Billedkunst ved NTNU i Trondheim. Arkitektstudentane skal sette opp eit bygg årleg i tre år framover i Rindal sentrum. – Det kan ende med nokre sære ting, sa Shetelig. Avtalen mellom kommunen og universiteten går i all hovudsak ut på eit samarbeid om å finne arkitektoniske løysingar for mindre byggeprosjekt alt inkludert i prosjektet Kul-Tur-Sti. – Målet for dette samarbeidet frå vår side er å finne gode løysingar for framtida. Men også å knyte relasjonar som vi kanskje oppdagar vi kan bruke til fleire ting enn vi ser i dag, sa ordførar John Ole Aspli, da avtalen med NTNU vart signert.

Nytunet omsorgsboligar vil bestå av fire bueiningar for ungdom med spesielle behov. Slutten av august vart spaden sett i jorda. Etter planene skal bustadene vera innflyttingsklare til 1. mai 2011 og prosjektet har ei kostnadsramme på 11,5 millionar kroner.