17

Nyheitsoversikt Surnadal 2010 - mai

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi snart er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag presenterer vi mai, ein månad prega av mellom anna 1.mai-markering, nasjonsdalfeiring, cupfotball og Vårsøghelg.

MAI

Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem. Klikk på Kavalkade og sjå alle månadene!

Medan sola og snøen slost utanfor husveggene på Skei, herska god stemning og engasjerte menneske inne i kulturhuset under feiringa av den internasjonale solidaritetsdagen 1. mai. Hovudtalar var stortingsrepresentant Else-May Botten.

Utøvarar frå Surnadal Tae Kwon Do-klubb sikra seg gull og sølv under EM i Sverige første helga i mai. Aleksander Aronsen tok gull med det norske laget i lagmønster, medan Bjørnar Blaalid sikra seg sølv i individuell sparring i klassen minus 71 kilo.

Bjørnen som først vart observert i Rindal, tok i byrjinga av mai ei omfattande vandring i Surnadal. Bjørnen vart observert i området Bæverfjord-Bøfjord, før spor etter den vart oppdaga både ved alpinanlegget, på Eidet og i Todalen. Trollheimsporten sin journalist var oppe i Sæterlia-området og tok bildet du ser her. Etter rundturen i Rindal og Surnadal, forsvann bjørnen truleg i retning fjella i Trollheimen. Mest sannsynlig var det snakk om ein ung hannbjørn på leting etter ein make.

Surnadalingene mobiliserte for å behalde legevaktordninga i kommunen. Etter at kommunestyret i mai sa ja til felles legevakt med Orkdal-regionen, meldte over 830 motstandarar av vedtaket seg inn i ei protestgruppe på Facebook. Dei vurderte mellom anna underskriftsaksjonar mot legevaktsamanslåinga. Dette vart det ikkje noko av, og vedtaket om samarbeidsavtale mellom Agdenes, Frøya, Hemne, Hitra, Meldal, Orkdal, Rindal, Skaun, Snillfjord og Surnadal om legevakt i Orkdal-regionen (LIO) vart ståande.

- Klart det følest bra å score mot Molde, sa Roy Bolme etter cupoppgjeret mellom Surnadal og Molde. Surnadal tapte 1-3 mot eliteserielaget i oppgjeret på Syltøran 13. mai, men målscorar Bolme og resten av heimelaget leverte ein innsats som førte til ros frå Molde sin lagkaptein Daniel Berg Hestad. 795 betalande tilskodarar fekk i godveret sjå ein 1.rundekamp i cupen der det ikkje var tvil om kven som var det dominerande laget. Men trass i at det var eliteserie mot 3.divisjon, vart det ikkje den overkøyringa mange spådde på førehånd. Daniel Berg Hestad var slik passe fornøgd med Molde sin innsats, men roste Surnadal for å gi alt. - Banen var ikkje optimal, men det var jo likt for begge laga, sa Berg Hestad.

Dagen starta med regn, men i løpet av føremiddagstimane vart det opphald og behageleg temperatur for 17.mai-markeringa i Surnadal.

Under årets Vårsøghelg fekk Trond Larsen Kleivaprisen for sitt store og verdfulle arbeid for musikklivet i Surnadal i over 40 år, både som korpsdirigent og musikar i mange ulike samanhengar. (På bildet blir han gratulert av ordførar Mons Otnes). - Dette er ei stor ære, sa Larsen etter utdelinga under Kleivakvelden. Yngvild Sæter (23) vart tildelt støtte frå Kleivafondet for fotoprosjektet "Stangvik 2010". Kleivakvelden vart gjennomført i strålande vêr og dei mange publikummarane fekk tradisjonen tru oppleve eit svært variert program, med artistar som Terje Tysland, Henning Sommerro, Torstein Snekvik, Aimee Leonard og Ola Kvernberg.