laks, avslutning 4_350x233

Nyheitskavalkade Surnadal 2010 - juni

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi snart er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag presenterer vi juni - ein innhaldsrik månad med mellom anna laksestart og laksefestival.

JUNI

Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem. Klikk på Kavalkade og sjå alle månadene!

Det var som vanleg hornmusikk, rakettoppskyting, kaffekoking og gode historier langs elvabreidda, da årets laksesesong i Surna starta ved midnatt natt til 1. juni. Det vart ikkje fangst første natta, men utpå føremiddagen 1.juni vart årets første Surna-laks endeleg landa. Det skjedde ved Brekkøya ved Skei, der Olaf Solem frå Settemsdalen fekk ein 6,7 kilo tung hannlaks. Ved inngangen til den nye sesongen i norske lakseelver, starta organisasjonen Norske Lakseelver i samarbeid med Norges jeger- og fiskerforbund ein nasjonal lakseluskampanje for å berge villaks og sjøaure. Surna var ei av 20 lakseelver som fekk banner med den klare bodskapen «Lakselusa dreper villaksen» hengt opp. Eitt ved Brekkøya og eitt på brua ved Harang. Etter ei fangstfri første natt, var det fram til klokka 1330 tirsdag 1. juni teke ti laksar og éin aure. Og meir skulle det bli i løpet av sommaren...

Bilde nr 1 viser elveeigar Øyvind Holte saman med danske Henning Jensen, som første fiskedag landa ein laks på nærare sju kilo ved Øye. 

Bilde 2: Fredag 4.juni hadde Batteri og dei tidlegare MGP jr.-vinnarane Malin, Celine og Jørgen førpremiere på MGP jr.-showet sitt for eit fullt kulturhus i Surnadal. Dagen etter spela gjengen for titusenvis av tilhøyrarar i Frognerparken i Oslo. Surnadal-bandet og dei tre solistane skulle i løpet av sommaren ha fleire show saman rundt om i landet. Laurdag 5. juni vart FN sin Verdas miljødag markert, og Batteri, Malin, Celine og Jørgen var blant artistane som deltok på Hafslunds miljøfestival for barn i Frognerparken. I løpet av dagen var rundt 30.000 innom parken for å få med seg artistar som A1, Tone Damli Aaberge, Jaa9 & OnklP, Madcon, Bjørn Johan Muri, Didrik Solli-Tangen - og altså MGP jr.-artistane.

Bilde 3: SILregn-Cup har nok eit av dei mest originale namna på ei fotballturnering, men denne gongen vart det ikkje så ille vær som namnet kunne tyde på. I alt 41 lag var med i år, og det vart spela i alt 61 kampar på Syltøran. Det var kampar på alt 7 banar og enkelte foreldre hadde det travelt med å finne ein plass der dei kunne følgje med ungane sine, som spela på kvart sitt lag på forskjellige banar. Mellom kampane var det mange unge og gamle som nytta høve til å slappe av med litt pølse og brød, pizza eller grillmat.

Surnadalingen Øystein Wiig (28) vart tilsatt som ny senterleiar på AMFI Sunndal.

Midtvegs i juni vart dagane dominert av store nedbørsmengder og flaumvarsel. 18. juni gikk det to jordras i Åsskard/Bæverfjord-området. Begge rasa sperra delvis vegen, men ingen personar eller køyrety vart skadd.

Bilde 4: Siste helga i juni markerte Norsk Laksefestival i Surnadal tiårsjubileum. I løpet av festivalen var det både seminar, martnadsgate, konkurransar, andeløp og mykje underhaldning. Tone Damli Aaberge, Hurra Torpedo, Ole Ivars og Åge Aleksandersen & Sambandet (bildet)var blant artistane som gjesta Surnadal i løpet av helga. Etter at ingen klarte å lande laks på over fem kilo under fiskekonkurransen i 2009, var det i år jackpot og sjanse til å vinne 60.000 kroner som lokka dei 168 deltakarane. Men under årets konkurranse i Surna var det heller ingen som klarte å passere den magiske vektgrensa. Dermed har potten til neste år auka til 90.000 kroner, noko som truleg vil vere svært så godt "agn". Nærast i 2010 var Gunnar Evensen frå Frei, med ein laks på 4,8 kilo.

Kjetil Bolme vart 30.000 kroner rikare under Norsk Laksefestival, etter at plastanda han hadde kjøpt, passerte målstreken først under det store andeløpet. Under avslutningsdagen vart dessutan Aslaug Sæter Heggset den glade vinnaren av ein bil.

Bilde 5: Leiar for hovudkomiteen, Ragnar Halle, har vore med og arrangert Norsk Laksefestival sidan starten for ti år sidan. Etter årets festival gav han beskjed om at han gir seg. - Det er sjølvsagt litt vemodig. Men å stå på scena i dag og sjå ut over den store folkemengda som var møtt fram for å få med seg avslutningsshowet, var ei flott oppleving, sa laksegeneralen til Trollheimsporten. Gjennom ti år har Ragnar Halle stått sentralt i oppbygginga av Norsk Laksefestival. Da han valde å gi seg, understreka Halle at det ikkje låg noko dramatikk bak. - Det gir høve til å få inn nytt folk, som kan sjå på arrangementet med nye auge. Det er klart det er lagt ned mykje frivillig arbeid, ikkje berre for meg, men for heile komiteen. Samtidig har det vore svært gjevande å få vere med, sa Halle til Trollheimsporten. - Det kom 1400 på utekonserten med Åge & Sambandet. Sjølv om det var ein fantastisk konsert og stor stemning, var vi i komiteen spent på korleis helga ville fortsetje. Elva var også for stor, noko fangstresultata under fiskekonkurransen nok seier sitt om. Men veret vart gradvis betre, og på utekonserten laurdag med Hurra Torpedo og Ole Ivars kom det også 1400 publikummarar. Blant andre positive moment, nemnte Halle også det gode oppmøtet under konferansen torsdag og den flotte stemninga og deltakinga under familiearrangementet ved Glønavatnet same kveld.

Bilde 6: Tone Damli Aaberge fall pladask for skiltet med "Røv", da ho søndag var på veg til Skei for å halde konsert under Norsk Laksefestival. "Eg som e fra Sogndal bruka titt og ofte ordet røv (rompe). "Hina for ei røv!" Ja, du, ein skal oppleve mykje artig her i livet", skriv artisten på bloggen sin. Tone Damli Aaberge er ein ivrig bloggar, og spelinga ho og bandet hadde under laksefestivalen søndag ettermiddag, omtalar ho som "superkoseleg". 22-åringen frå Sogndal er kanskje ikkje heilt stø i geografi: Både under sjølve konserten og på bloggen meiner ho at Surnadal ligg i Trøndelag. Men stadnamnet Røv gjorde stort og humoritstisk inntrykk på vokalisten, som sørga for å bli avbilda med skiltet.