DSCN4799_350x215

Nyheitskavalkade Surnadal 2010 - februar

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi snart er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag presenterer vi februar, der Ungdommens Kulturmønstring for Surnadal, Rindal og Halsa var ei av storhendingane.

FEBRUAR

Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem. Klikk på Kavalkade og sjå alle månadene!

Planene for nye Surnadal sentrum vart presentert. Fire arkitektfirma hadde utarbeidd forslag til vurdering og bedømming. Øvste bildet viser kommunestyret i Surnadal under presentasjonen av forslaga. I mars vart det klart at vinnaren av arkitektkonkurransen var Bjørbekk og Lindheim AS med April Arkitekter AS, Oslo med skissa «No skin de sol».

Amfi Drift AS og Sektor Eiendomsutvikling AS inngjekk avtale om å forestå drift og forvaltning av tolv kjøpesenter eigd av Storebrand. De tolv sentra hadde ei total omseting på 10 milliardar kroner i 2009.

Bilde nr. 2 er frå 13. februar, da det var massemønstring av talentfulle ungdommar i Surnadal Kulturhus der Rindal, Halsa og Surnadal samarbeidde om Ungdommens Kulturmønstring. Der var det både dans, teater og musikk i mange variantar. ”Det som imponerte oss mest var nivået og kvaliteten”, skreiv Trollheimsporten sin utsendte.

Kommunestyret i Surnadal vedtok nesten einstemmig (berre Frp stemte imot) å støtte arbeidet med å samle sjukehustenestene i området for Helse Nordmøre og Romsdal i eitt felles sjukehus. I debatten vart kompetanse og rekruttering vektlagt. Samtidig vedtok kommunestyret i uttalen å støtte St. Olav avdeling Orkdal og St. Olav Hospital, Trondheim.

Surnadalsrussen presenterte revyen ”Russ 10 eventyrland”.

Fem sparebankar, inkludert Surnadal, ga 50 000 kroner gjennom Leger utan grenser til katastrofeofra på Haiti. Forutan Surnadal var Rindal, Hemne, Orkdal og Meldal med.