Skytebaneåpning 8_350x233

Nyheitskavalkade Surnadal 2010 - april

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi snart er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag presenterer vi april, da mellom anna den nye leirduestibanen på Angråmyra vart opna.

APRIL

Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem. Klikk på Kavalkade og sjå alle månadene!

Eit heilt nabolag i sentrum av Surnadal vart plaga med bilkøyring, spøling og råning i seine kvelds- og nattetimar. Senterleiar Lorentz Sæter fortvilar og nabolaget foreslår bomstenging av dei åpne plassane rundt Amfi-senteret og billaget for å få bukt med problema.

10. april vart Nordmarkløpet arrangert for 31. gong. Føret veksla frå hardt til nysnø og til slutt våt kornsnø for trimklassen, men folk var godt førnøgd med dagen da dei passerte mål. Lars Hol Moholdt frå IK Rindals-Troll kom først i mål i turklassen, 27 sekund før Runar Flønes frå Orkanger IF. Berit Aunli, Kyrksæterøra IL vann kvinneklassen føre Ingrid Laukvik og Gunn Sande Holtan, begge Surnadal IL. Gunn Sande Holtan sikra seg vandrepokalen til odel og eige, og i herreklassen sikra Lars Hol Moholdt seg vandrepokalen. Rindals-Troll vann lagkonkurransen føre Surnadal og Kyrksæterøra. 164 skientuasiastar stilte til start i trimklassen.

Bilde nr. 1: Med svingande soul, rå rock'n'roll og blå ballader fekk Smøla Janitsjar, dirigent Egil Holberg og gjestevokalist Hilde Norbakken det til å koke i Surnadal Kulturhus 17. april. - Kanskje den beste konserten som har vore her på kulturhuset, sa Karstein Telstad etter det ein og ein halv time lange showet. Da hadde publikummet i Storstuå fått ein gnistrande musikalsk kavalkade frå eit storband i storslag. - ”Highlights"-showet som fekk publikummet i kulturhuset til å kvittere med ståande applaus, hadde ikkje eit einaste dødpunkt. Klassikarar frå pop- og rockhistoria kom på rekkje og rad, framført med elegant koreografi, lys, bilder og gode solistar, skreiv Trollheimsporten etter konserten.

Da kommunane Surnadal, Rindal og Halsa i fellesskap arrangerte Trondheimstreff på Dokkhuset i Trondheim, sto Batteri, Swiks og Silje Botten for underhaldninga. Kommunane ville med foredrag, underhaldning og ved hjelp av representantar frå næringslivet orientere om kva dei tre kommunane hadde å by på av jobbmulegheiter og andre ting.

”Svorka Aksess frontar kabel-TV i Rindal og Surnadal”, kunne Trollheimsporten melde 9. april. OrkideNett med eigarselskapa Svorka Aksess AS, SuCom AS og NEAS Bredbånd AS, overtok kabel-TV-nettet i Surnadal og Rindal. Svorka Aksess skal vere ansvarleg for sal, marknad og kundebehandling, medan Orkidenett står som eigar av infrastrukturen.

Bilde nr. 2: Surnadalordførar Mons Otnes er mest vand med med rifle, men kom seg godt gjennom hagleskytinga da han var med på å innvie leirduestibanen på Angråmyra 20. april. Mons Otnes og Elmer Talgø frå sponsoren Talgø Ivest opna Surnadal Jeger- og Fiskerforening sin nye bane med ein uhøgtideleg duell. Banen er blitt ein realitet etter cirka eitt års byggjetid, 1400 dugnadstimar og mykje økonomisk støtte både frå lokalt næringsliv, viltfondet, tippemidlar og kommunen. Leiar Anders Magne Ormset (t.h. på bildet) hadde da også all grunn til å smile da han på vegne av foreininga tok imot blomster frå ordføraren før skytinga tok til. Den nye banen medfører at det på Angråmyra skyteanlegg kan arrangerast Nordisk jaktskyting der alle dei fire greinene - leirduesti, trap, elg og rådyr - kan foregå samtidig.

Bilde nr. 3: Trond Skogseth og ti andre lokale vokalistar fikk det til å svinge saman med Sunndal Storband på Vårsøg Hotell 24. april. Publikum fekk oppleve eit Sunndal Storband som under leiing av Vebjørn Sæter serverte ei lang rekkje med evergreens frå swingrepertoaret - i tillegg til nyare pop og rock ikledd tøffe swingarrangement. Med seg hadde dei Toril Moe, Trond Skogseth, Gerd Ingrid Kvendset, Kikki Moe, Terje Aune, Sina Moe, Carina Dønheim, Marianne Bolme og Daladrekern (Ellinor Husby, Kristin Betten og Siv Kalvik) som gjestevokalistar.

”Mo Skulekorps ønsker i år å stille med eget korps igjen den 17. mai. Vi er dessverre for få medlemmer til å klare dette alene, og har derfor fått med oss flere tidligere medlemmer og andre musikanter til å hjelpe oss”, var meldinga frå korpsstyret til Trollheimsporten i slutten av april.

Rundt 20 Pipelife-ansatte i Surnadal vart permitert i rundt ein månad på grunn av stor lagerbehaldning og roleg marknad. - Dette betyr ikkje at Pipelife er på defensiven, sa Kjell Larsen. Ifølge den administrerande direktøren var dette ei marknadstilpassing, og Larsen understreka at Pipelife-konsernet hadde solid drift, sjølv om mai såg ut til å bli ein roleg måned. 2009 var tidenes beste år, med rekordoverskot for Pipelife Norge.