Flyktningar

Nye fargerike nordmøringar

Det vart ei både hyggeleg og svært interessant økt i regi av Senioruniversitetet for Indre Nordmøre nyleg då avdelingsleiar Olav Bergheim saman med 4 innvandrarar var der og orienterte. Olav Bergheim understreka at det er viktig å komme ut og fortelje om dei ulike aktørane og tiltaka i flyktningepolitikken.

I Surnadal er det no busett 58 flyktningar, 27 frå Eritrea, 22 frå Somalia og 5 frå Russland. Det dreier seg om 35 menn, 12 kvinner og 11 barn. For 2016 er det politiske vedtak om å busette 21, men vi må rekne med at behova for busetting kan auke. Mellom anna er det snakk om å ta mot 5 einslege mindreårige kvart år. Her arbeider kommunen for å få til eit samarbeid med Nordmøre Folkehøgskole.

Integreringa er sjølvfinansierande, men på sikt er kommunane avhengig av at integreringa blir vellykka, slik at dei nye innbyggarane får språkkunnskapar, utdanning og kjem i arbeid. Det er hovudsakeleg unge personar det dreier seg om, og i kommunen er det mange som er berørt, ikkje berre for å skaffe husvære, barnehage- og skoleplassar og nødvendig helsehjelp. Arbeids- og næringslivet blir utfordra, og NAV, kyrkja og frivillige organisasjonar og lag. 11 personar i kommunen arbeider no med busetting, opplæring og integrering.

 

Zekerie, Nasro, Senait og Khedi
Zekerie og Nasro fortalde frå heimlandet sitt, Somalia, og om kvifor og korleis dei hadde kome til Surnadal. Dei vona å kunne utdanne seg til bilmekanikar og sjukepleiar. Frå Eritrea hadde Senait kome, eit land med  totalitært regime og «uendeleg militærtjeneste» for alle mellom 18 og 40 år. Senait vona også å kunne fullføre utdanninga si. Og Khedi hadde kome frå Tsjetsjenia, og var aleinemor med 4 born frå 11 år og nedover. Ho hadde eit svært godt inntrykk både av barnehagen og skolen i Surnadal, men ho vona samtidig også å kunne fullføre utdanning som helsefagarbeidar.

 

På biletet: f.v. avdelingsleiar Olav Bergheim, Zekerie og Nasro fra Somalia, Senayt fra Eritrea, Khedi fra Tsjetsjenia og programrådgjevar Beate Nes.

Tekst/foto: Senioruniversitetet for Indre Nordmøre