Surnadal IL melder:

Ny trenarkoordinator i fotballgruppa

Det er no klart at Håkon Solem tek over som trenarkoordinator etter Gry Norshusstuen. Solem har denne sesongen gjort ein formidabel jobb som lagleiar for A-laget, og vil no vere sentral og inn mot dei yngre laga våre.

Håkon Solem.jpgDet er med stor glede vi kan annonsere at Håkon Solem (25) blir ny trenarkoordinator i Surnadal IL Fotball frå og med 1. oktober. Dette melder Surnadal IL på nettsidene sine.

Håkon startar i jobben allereie 1. oktober, og vil få ansvaret for Gutar og Jenter 14 og yngre.

Som trenarkoordinator vil han jobbe tett opp mot- og bistå både trenarar, spelarar og sportsleg leiing i klubben, og sørgje for at vi aktivt utviklar og brukar både sportsplana og utviklingsplana vår. 25-åringen fortsett samtidig som lagleiar for A-laget.

– Sidan han kom inn i teamet rundt A-laget i vår har Håkon lagt ned ein imponerande innsats, og vist at han er ein kjemperessurs for fotballgruppa, både sportsleg og sosialt. Vi er henrykte over at han har takka ja til å bli ny trenarkoordinator, seier dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus, og legg til:

– Håkon er ein veldig fotballklok mann med stor arbeidskapasitet, godt humør og ei brennande interesse for sporten. Vi gler oss verkeleg til å sjå han i aksjon på treningsfeltet!

Solem, som er utdanna oversettar, fortel at han gler seg til å ta fatt på oppgåvene som ventar:

– Eg er kjempemotivert for jobben. Norsk fotball er i startgropa på ei ny og stor talentsatsing, og det skal vi sanneleg få til i Surnadal og. Eg har klare tankar og idear om talentarbeid, og gler meg til å få praktisert dei på på Syltøran og elles i SIL Fotball.


Foto: Nathan Lediard/Lediard Foto