Ny suksess med kaptein Sabeltann

Søndag kveld var det forestilling med kaptein Sabeltann i Bøfjorden att. Dette var den same historia som i fjor, med dei samme borna som skodespelarer. Her kan du sjå mange bilde frå den skumle kvelden Bøkleppnausta.

Trhp a DUELL Ruben og Sabeltann.jpg
Duellen mellom helten Ruben og skurken Sabeltann var eit høgdepunkt mot slutten av forestillinga. 

Nora Vetleseter Bøe og Bodil Kvam Aasbø var initiativtakarar og organiserte forestillinga i Bøkleppnausta i fjor. Bøkleppnausta var opprinneleg ein husmannsplass, Kleppnausta. Der er det no gapahuk, småbåthamn og eit naturleg "amfi" mot fjorden. Slik ligg forholda godt til rette for ei slik forestilling.

Nora Vetleseter Bøe fortel at kaptein Sabeltann var ein suksess i Bøfjorden i fjor, så no ville dei prøve ein gong til. Stort sett alle borna i Bøfjorden, frå 5 år og oppover, var med. Dei minste var med og song. Foreldra stilte opp og hjelpte til med gjennomføringa. Det ligg mange dugnadstimar bak. Det var og to vaksne med i forestillinga. Bernt G. Bøe var forteljaren, og Lars Settemsdal spela kaptein Sabeltann.

Rett før dei skulle i gang søndag kveld vart det torever og regn, men under sjølve forestillinga gjekk det tåleleg bra med veret. Med skodespelarar og hjelparar medrekna var det godt over 300 personar som såg forestillinga.

Skodespelarane gjorde ein god jobb, og gjennomføringa var bra. Musikken var spela inn av Rolf Paulsen på førehand.

Skuteskipper Odd Ragnar Bekken hadde kjøpt inn ei ekte, liten kanon til skuta "Vildanden".

- Han fyra av skudd så publikum skvatt fleire gonger i løpet av forestillinga, fortel Nora Vetleseter Bøe.

Til slutt måtte alle sjørøvarane "gå plaken og hoppe i havet" saman med kaptein Sabeltann.

Trhp b Sabeltann og Sjørøvarane kjem.jpg
Sabeltann og sjørørvarane kjem roande! Til høgre seglskuta "Vildanden", som skapte både atmosfære og kanonrøyk!

Trhp c Nåde FRÅ PRØVEN.jpg
Kaptein Sabeltann innser at slaget er tapt. (Frå prøve)

Trhp d Jo Lasse og Håkon.jpg
Jo Lasse og Håkon i ei scene frå spelet

Trhp e Song FRÅ PRØVE.JPG
- Vi vil finne gull! Flott song av Håkon (frå venstre), Birk, Vegard og Eiri. (Frå prøve)

Trhp f Gemyttleg FRÅ PRØVEN.jpg
Gemyttleg mellom Ruben (Jakob, t.v.) og Kaptein Sabeltann (Lars) under prøven laurdag.

Trhp g Vesla og Bassa.jpg
Tante Bassa (t.h.) dreiv vertshuset i Kjuttaviga. Lisa og Elisabeth (Frå prøven)

Trhp h Skatten blir feira.jpg
Ungane feirar skatten, medan Kaptein Sabeltann og båtsmannen (Hans Bævre) har resignert.
 

Her kan du lese kva Trollheimsporten skreiv om forestillinga i fjor: Hiv og hoi - for en sjørøverfest!