Fredag
Fredag Skyet
11°
Skyet
Frisk bris
Lørdag
Lørdag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
Gutt med turbok

Pressemelding:

Ny sesong med Stikk UT!

Snøen held enno taket, men fuglane har begynt å synge, og det er på tide å presentere årets Stikk UT! -turmål!

I år har Stikk UT til saman 215 turmål fordelt på 17 kommunar i Nordmøre og Romsdal. Av desse er 98 gradert grøn, 85 blå og 32 raude. 61 av turane er trillevenlege og 59 er nye for året. 

Se alle turmåla for Nordmøre og Romsdal her (PDF)

Se alle turmåla for Sunnmøre her (PDF)

Kodekort gjøres klar til 1. mai.jpg
Kodekort gjøres klare til 1. mai.

1. mai startar Stikk UT!-sesongen 2019. I år med heile 398 turmål i 30 av kommunane i Møre og Romsdal. Bli med på tur!

Om lag ti prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal deltok i Stikk UT! i fjor. I år håper vi at endå fleire blir med. Stikk UT! har turar for alle: Lange og korte, flate og bratte, i fjell og fjøre, ved kysten og i innlandet, i skog, ved elvar og vatn. Nokre kan gjennomførast med rullestol, andre krev godt turutstyr og kunnskap om bruk av kart og kompass.

Noko av det kjekkaste med Stikk UT! er å oppleve mangfaldet av natur og fine turar som finst i fylket vårt. Dei to friluftsråda i Møre og Romsdal står bak Stikk UT!, saman med medlemskommunane og hundrevis av frivillige, som set opp skilta, turkassene, legg ut turbøkene og kodane.

Stikk UT! er ein kjempedugnad, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Friluftsrådenes Landsforbund. For deltakarane er det gratis å vere med, og det er enkelt. Registrer deg som brukar på stikkut.no, så er du i gang. Koden du finn på kvart turmål registrerer du også på stikkut.no, eller i appen Morotur på mobiltelefonen.

Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober. Turane blir lagt ut på stikkut.no og kartbrosjyren kjem i postkassene etter påske.

Svartvatnet 1.jpg
Haust ved Svartvatnet (Foto: Anne Grete Bæverfjord)

Svartvatnet 2.jpg
Sommar ved Svartvatnet (Foto: Anne Grete Bæverfjord)

Svartvatnet 3.jpg
Rasteplassen ved Svartvatnet (Foto: Anne Grete Bæverfjord)

Fra Lønsetfjellet i Molde.jpg
Frå Lønsetfjellet i Molde.
 

Stikk UT! Ski -sesongen varer heilt fram til 2. påskedag, så nettsida til sommar-Stikk UT! vil ikkje vera oppe før etter den tid

Tips en venn Skriv ut