Ny seier til Kine!

Kine Paola Sæter frå Surnadal gjekk heilt til topps i Sweden Grand Prix i Malmø i dag! Ho vann klassen sin, «Bikinifitness – opp til 163cm», og kom også heilt i toppen i «overallen». Dette lovar godt framfor EM som skal arrangerast i Spania andre veka i mai.

På telefon frå Sverige seier Kine at ho er «kjøle fornøgd» med resultatet, ikkje minst fordi det var ein tøff klasse, og at seieren kanskje smaka ekstra godt av den grunn.
Surnadalsjenta har satsa for fullt på bikinfitness dette året etter at ho kom på fjerdeplass i EM i fjor, og dette er den andre store seieren hennar på kort tid. For to veker sidan gjekk Kine til topps i klassen sin i fitness- og bodybuilderkonkurransen, Oslo Grand Prix. I tillegg fekk ho andreplass i masterklassen. Dette er ein prestasjon det står stor respekt av, ettersom Oslo Grand Prix er den største fitness- og kroppsbyggingskonkurransen her til lands.
Neste milepæl for Kine blir EM i Spania, og så ventar fleire viktige konkurransar før sesongen skal avsluttast med VM i Polen i starten av desember. 
Kine Paola Sæter representerer Bodyvibes-Legacy FKK i konkurransane ho deltek i. 

30185349_2017635335170517_1011400610_n.jpg

30429751_2017635345170516_1817925348_n.jpg
Fotoeigar: Kine Paolo Sæter