Kleivakveld - Terje Tysland og publikum

Lesarbrev frå laget Vårsøg:

Ny scene på Kleiva, såklart!

"Vi skal ikkje legge oss borti om kommunen skal investere millionar i ei amfiscene i Svartvatnet, men vil seie noko om behovet for ei ny scene på Kleiva," skriv Gerd Ingrid Kvendset, på vegne av laget Vårsøg, i sitt lesarbrev til Trollheimsporten. Les heile lesarbrevet her.

Vi, i laget Vårsøg, hadde håpa å kunne invitere til den 20. Kleivakvelden frå ny scene i 2015. Slik blir det ikkje, les vi på driva.no og tk.no den 18. september. Det ser òg ut som om nokre av politikarane ønskjer å velje bort ny scene på Kleiva framfor ei ny amfiscene i Svartvassområdet. Nokon har til og med foreslege at Kleivakvelden kan arrangerast på den nye scena som kjem i Svartvatnet.

Vi skal ikkje legge oss borti om kommunen skal investere millionar i ei amfiscene i Svartvatnet, men vil seie noko om behovet for ny scene på Kleiva.

Kleivakvelden under Vårsøghelga vart arrangert for første gongen våren 1996, og sidan kvart år, altså for tjuande gongen i 2015. Kleivakvelden er sjølve hovedarrangementet i Vårsøghelga, og den står som ein bauta innanfor kulturarrangement her i bygda. Å gå på Kleivakvelden er ein godt innarbeidd tradisjon for mange. Kleivakvelden har hatt solid besøk av ein stad mellom 400-1000 personar, i alle aldrar, kvart år. Det er eit retteleg generasjonsarrangement med ungar, ungdommar og eldre til stades.

Borna har allveg hatt eit fokus for oss, mellom anna med si diktmønstring godt plassert i programmet og som indirekte når alle grunnskuleelevane i kommunen, og no Halsa og Rindal. Kleivakvelden famnar vidt. Vårsøget lokkar heim unge som har flytta ut. Trufast vårsøgpublikum kjem frå byane rundt oss og nokre enda lenger unna frå. Dei vaksne er godt representert på Kleiva, som på så mange andre kulturarrangement her i landet. Men vi er både forundra og skuffa over formannskapsmedlem Bernt Venås sitt utsegn om at «Kleivakvelden er for eldre». Kleivakvelden er for heile familien.

Så kva er det som gjer at folk deltek på Kleivakvelden år etter år? Kleiva ligg ein bra gåtur opp lia frå Skei, og du får opp dampen på vegen dit. Når du kjem opp kan du slenge deg ned på tunet til Hans Hyldbakk. Programmet blir formidla frå scena med publikum skuande ned på bygda, elva, fjella, fjorden. Flottare bakteppe for eit arrangement kan ein mest ikkje få.

Som arrangør på Kleiva kan vi freiste artistane med å opptre i det unike panoramaet. «Greenroomet» på Kleiva er stua til Hans, og der byr Kirsti og Holger på nordmørsk gjestfriheit og matkultur. Det er livleg prat, matservering og hornmusikk ute på tunet. Friluftskjensle, forventningar, god mat og musikk; lite som slår det konseptet.

Det er stor takhøgde på Kleiva. Her finn du det gale i det seriøse og det seriøse i det gale, ikkje minst frå scena. Blandinga av humor, folkelegheit, kvalitet og intimitet skapar ei eiga stemning på Kleiva. Kanskje handlar dei store besøkstala om å høyre til – identitet?

Alt heng i hop, og tek vi noko av konseptet vekk kan vi øydeleggje Kleivakvelden. Dét kan i verste fall bety slutten for Vårsøghelga. Det bør seie seg sjølv at det ikkje er muleg å arrangere Kleivakveld på ei amfiscene nede i Svartvatnet.

No syng dessverre den gamle scena på Kleiva på siste verset, og vi treng ei ny ei fort. Den nye scena vil vi skal bli utforma slik at publikum får sjå og høyre betre. Ei ny scene vil òg kunne opne opp for fleire arrangement til nye grupper. Å investere i nye opplevingar frå Kleiva tykkjer vi er vel anvendte pengar for kulturbygda Surnadal.

«Vårsøghelga har fått namn etter diktet Vårsøg som vart forfatta på Kleiva i 1945. Og frå Kleiva er det utsyn. Utsyn vi treng i vår tid. Frå det lokale til det nasjonale og til det internasjonale» (Henning Sommerro).

 

for laget Vårsøg,

Gerd Ingrid Kvendset

 

Arkivfoto: Bjørn Tore Brøske