Ida Elisabeth Dønheim_350x270

Ny meny med lokale råvarer på Vårsøg Hotell

Baka klippfiskrygg frå Tustna med krem på sellerirot, sauterte fevesbønner, glaserte vårgulrøter og sitron-hollandaise er blant rettane på den nye menyen som Horisonten Restaurant på Vårsøg Hotell no lanserer. Kjøkkensjef Ida Elisabeth Dønheim gler seg til å servere rettar basert på råvarer frå Midt-Norge.

Den nye menyen vart lansert måndag 2. mai, og råvarene er i hovudsak henta frå Nordmøre og Trøndelag.

 - Vi vil gjere vårt ytterste for at restaurantgjestane skal få ei fullkomen oppleving, slik at maten dei får servert her, er noko dei kjem til å hugse lenge, seier kjøkkensjefen.

Forrettane på Horisonten sin nye meny er asparges med sprø skinke, små salatar og syrleg smørsaus,, og pannestekt sjøkrepshale med mangechutney, ruccola og oliventoast.

Fiskehovudretten er klippfisk frå Tustna, medan ein blant kjøtthovudrettane kan velje mellom biff av ur-fe, kalv frå Røros og urte- og limebakt vårkylling. Alle hovudrettar blir servert med baka nypotet.

Til dessert fristar restauranten på Vårsøg Hotell med jordbær- og rabarbrasuppe, heimelaga creme brulée, chilibakt ananas med vaniljeis og brownies samt tallerken med lokale ostar.

- Målet vårt er å bli det beste mathuset på Nordmøre. Og skal vi bli det, må vi bokstaveleg talt levere varene kvar dag. Denne nye menyen er Horisonten Restaurant stolt av, og no håpar vi både surnadalingar og tilreisande vil prøve ut rettane, seier Ida Elisabeth Dønheim hos Trollheimsporten-medlem Vårsøg Hotell.